Notat
Id:
2004-16

Dette notatet handlar om korleis vevtenester blir synlege på Internett, og spesifikt om kva ei regional reiselivsteneste som sognefjord.no og underliggjande reiselivstenester i distriktet og hjå dei einskile bedriftene må gjera for å bli så synlege som muleg. I strategien for å gjera sognefjord.no meir synleg på nettet, tek vi mellom anna utgangspunkt i trafikkanalysen for 2004 for å læra meir av korleis brukarane finn fram til tenesta og brukar den. Trafikkanalysen viser at tenesta har hatt mykje besøk og at talet på vitjingar er i sterk auke. Særleg mot slutten av året auka trafikken mykje. I alt har tenesta hatt rundt 120 000 vitjingar og til saman rundt 620 000 sideoppslag.