Vestlandsforsking har fått i oppdrag å vurdera aktuelle standardar for semantisk "markup", dvs. inkludering av HTML-kode for semantisk beskrivelse, og komme med ei tilråding til bruk i FjordNett-plattforma (FjordNett er Fjord Norge si plattform for drift av nettsider i regionen, som t.d. FjordNorway.com, VisitSognefjord.com m.fl.).

Prosjektet skal også gi konkrete tilrådingar til bruk av semantisk markup på utvalde sider, i samarbeid med leverandøren av web-tenester for Fjord Norge. Prosjektet vil resultera i to rapportar: Ein rapport om semantisk markup og aktuelle standardar, og ein rapport om korleis FjordNett-plattforma kan gjera bruk av dette reint praktisk.

Rapporten frå prosjektet

Startdato:
Sluttdato:
Prosjektnummer:
6234
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • Semantisk markup (semantisk koding) betyr å tilføra utvida informasjon til HTML-koden slik at maskiner kan bli i stand til å tolka den. Den utvida informasjonen er metadata.