Omstilling av Fotefar Temareiser

Foto
Reiselivsselskapet Fotefar Temareiser står midt i ei dobbel omstilling: frå utanlands- til innanlandsreiser og frå normaltilstand til ein turistmarknad prega av koronaviruset (Foto: Inga-Britt Morken).

Fotefar Temareiser har gjennom mange år spesialisert seg på temareiser til utlandet der historie- og kulturopplevingar står sentralt. I mai 2020 skulle den første gruppeturen i Norge gå av stabelen, og turen skulle vere den første i rekka av ei nysatsing hjå Fotefar Temareiser, nemleg å utvikle kulturbaserte gruppereiser i Norge. I 2020 står reiselivsselskapet overfor store utfordringar på grunn av koronapandemien.

Med utgangspunkt i pandemien si utvikling seg på verdsbasis til no, og med dagens framtidsutsikter for reiselivet, har covid-19 framskunda og styrka Fotefar si satsing på Norge som reisemål. Dette inneber ei omstilling av selskapet på fleire måtar.

Hovudspørsmålet i prosjektet er korleis Fotefar Temareiser kan omstille seg for å takle marknadssituasjonen koronakrisa har skapt.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland Fylkeskommune
Prosjektnummer:
6564
Prosjektleiar: