Edit INC - How to achieve broader participation in companies that don't have any experience with the Nordic Model of enterprise development

Edit INC har fokus på medverknad i utviklingsprosessane i bedrifter og i nettverk av bedrifter. Hovudfokuset er korleis brei medverknad utviklar seg i bedrifter som er kjenneteikna med profesjonelle leiarar, relativt svake fagforeiningar og aktive lokale eigarar. Makt og utøving av makt er viktige stikkord.  Edit INC skal forske på dei ulike aktørane sine roller i utviklingsprosessane for å kunne svare på forskarspørsmålet: Korleis oppnå breiare deltaking i bedriftsutvikling i selskap der ingen av aktørane har røynsle med samarbeidsmetodar som den norske modellen?

Selskapa i INC-gruppen består av 18 bedrifter, og dei har opna for medverknad frå tillitsvalde og tilsette i gjennomføringa av eit bedriftsutviklingsprosjekt delfinansiert av Hovedorganisasjonenes Fellestiltak (HF). Denne avgjerda er basert på røynsler frå eit pilotprosjektet. Både eigarar, leiarar, tillitsvalde og tilsette må gjere ting på ein annan måte for å oppnå målet om breiare medverknad. Greier dei dette? Korleis endrar dei seg? Kva er vanskane?

Sogn og Fjordane er eit fylke der mange bedrifter står overfor utfordringar knytt til endra rammevilkår og endringar i marknaden, også arbeidsmarknaden. Mange små og store industribedrifter i fylket har lenge hatt tett kopling mot ein eller få kundar. På dette området skjer det no ei endring som gjer at mange må tenke nytt i forhold til produkt og marknad. I dagens arbeidsmarknad med fokus på kunnskapsarbeidaren, er det viktig å ta i bruk den kunnskapen som dei tilsette har. Ofte vil tilsette som arbeider i produksjonen kunne peike på forbetringspotensiale i produkt og prosess, men dei har sjeldan arenaer å legge fram desse forslaga i. For å gjere desse verksemdene meir framtidsretta er det viktig å opparbeide kunnskap om kva rolle medverknad kan ha i dei endringane og endringsprosessane som bedrifter står overfor.  Sett i eit slikt lys vil arbeidet med Edit INC vere med å prøve ut metodar knytt til dialog og breimedverknad i eit sett med bedrifter

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6086
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: