Miljøfyrtårn-sertifisering

Vestlandsforsking vart Miljøfyrtårn-sertifisert i 2009. Vi legg stor vekt på arbeid med klima og miljø, ikkje berre i samband med forsking, men òg når det gjeld vår eiga verksemd. Kvart år jobbar vi for å bli betre på punkt der vi har rom for å gjere noko. Målet er at Vestlandsforsking skal ha eit så lite miljømessig fotavtrykk som vi kan. Vi håpar òg å kunne inspirere andre rundt oss til å redusere klima- og miljøbelastninga si eller jobbe for å bli sertifiserte.

Vi er takksam for innspel på vårt klima- og miljøarbeid. Send melding på e-post til post@vestforsk.no

Klima og miljørapport 2022

Klima- og miljørapport 2021

Logo