Ny studie viser kor skoen trykker i reiselivet i Sogn
Vestlandsforsking har det siste året kartlagt tilstanden i reiselivet i Sogn. Nyleg presenterte dei førebelse funn for oppdragsgjevarane, Visit Sognefjord og Sognarådet.
– Vi har teke temperaturen på kommunane i regionen, og sett at den er høg i visse pressområde, til dels veldig høg, seier forskarane bak studien.
Interessa knytt til studiane Vestlandsforsking har utført, har vore stor både frå oppdragsgjevarane, media og innbyggarar i Sogn. Då Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth la fram førebelse funn for Visit Sognefjord 29. oktober, møtte 60-70 frå reiselivsnæringa, kommunane og nasjonalparkane fram.
Det overordna biletet er at turismen i Sogn er ujamt fordelt. Aurland kommune har i dag halvparten av omsetninga i turistnæringa i Sogn og eit høgt trykk. Andre kommunar i Sogn ønskjer seg fleire besøkande og ein større del av veksten som er venta i næringa.
Det forskarane Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth har fått fram gjennom fleire undersøkingar i 2025, er òg kor høgt trykket er på enkelte lokalsamfunn. Dette gjeld særleg bygdene som tek imot cruiseskip. I Aurland og Luster opplever mange innbyggarar problem på dagar med mange turistar i bygda. Innbyggarundersøkinga i Vik går framleis føre seg, men viser truleg noko av det same.
Store innrykk
Små bygder har ein infrastruktur som er dimensjonert for nokre få hundre menneske. Det byr på problem når skip legg til kai. Cruiseskipa har blitt stadig større dei siste åra, og i dei travlaste hamnene blir det mange dagar med skip i fjorden.
– Når det plutseleg kjem 4-5000 turistar i land, er det klart ein slit med infrastrukturen, seier Løseth, som leier Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking.
Infrastruktur og trafikk
Folk melder om typiske manglar, som toalett, benkar og skilt, men òg fleire tilbod for passasjerar som vandrar i bygda i staden for å reise på bussutflukt.
– I Aurland er mykje av dette på plass, men Skjolden og Vik manglar ein heil del, seier Engeset.
Som på mange andre cruisestader i Norge, ergrar folk seg òg over sjenerande åtferd, til dømes at folk som går inn på innmark eller inn i tunet.
Trafikk er eit problemområde som går att. I Luster er mange av vegane underdimensjonerte, særleg sørsida ut til Urnes stavkyrkje. Trafikken blir hindra av lange bussar og folk i vegbana.
Utfordringar i alle kommunane
Sidan turismen er så ujamt fordelt i Sogn, var det uventa for forskarane at innbyggarar i kommunar med mindre turisme, tykte turismen skapte store utfordringar. Eit tema som går att er overnatting langs vegen (villcamping).
– Turisttrafikken langs vegane er eit problem folk peikar på i alle kommunane vi har undersøkt. Det dreier seg delvis om at alle kommunane har vegparti med låg standard, seier Engeset.
Etter forskarane sin presentasjon 29. oktober, inviterte Visit Sognefjord deltakarane til eit gruppearbeid. Der kom det fram eit tydeleg behov for at kommunar, reisemålsselskap og bedrifter snakkar meir saman i kvart område for å finne løysingar.
– Vi har særleg tru på at folk kjem saman på eit lågare nivå enn det regionale nivået. Slik kan ein finne fram til tiltak som svarar på konkrete problem i bygdene, seier Engeset.
Kor går grensa?
Sjølv om kommunane gjer lurt i å bøte på manglar, peiker forskarane på eit dilemma:
– Kor mange besøkande bør ein legge til rette for? Alt tyder jo på at talet berre vil stige, seier Engeset. Forskarane spør òg kven som skal betale for fellesgode og kven som har førsterett til areal når kommunane legg til rette for turismen. Ei klar tilråding er å innføre besøksavgift, sjølv om ordninga enno må utviklast for å fange opp alle besøkande.
I tillegg til sosiale tolegrenser, dekker kartlegginga miljøspørsmål knytt til turismen. Her ser forskarane eit tydeleg paradoks. Masterplanen for Visit Sognefjord har ei målsetjing om å redusere klimabelastninga med 50 prosent innan 2030, særleg frå cruise og fly. Samtidig kjem det berre fleire cruiseskip, slik at utsleppa aukar. Marknadsføring av regionen i Asia og Australia vil òg føre til fleire flyreiser.
– Klimamåla og marknadsføringa går ikkje i hop, slår Løseth fast.