Lunsjsamtale om Norgespris

Info om panelsamtale

Fredag 17. oktober kl.12.00-12.30 inviterer Vestlandsforsking til panelsamtale om Norgespris i våre nye lokalar i Svingenbygget på campus.

Ta med nista og bli med å på ein spennande diskusjon om kva Norgespris vil bety for deg og for samfunnet. Vi spør panelet om betydninga av Norgespris for straumsparing, rettferd og den samla straumrekninga. 

Panelet består av Torbjørn Vereide, stortingsrepresentant (Ap), Kåre Hønsi, Regiondirektør i Statkraft Midt-Norge og Tara B. Holm, forskar/ stipendiat ved Vestlandsforsking. Bror K. R. Tandberg (også Vestlandsforsking) leiar samtalen. 

 

Deltaking er gratis, men krev registrering (maks 50 plassar). Meld deg på her: https://forms.office.com/e/uQ9iucrFPE 

Me stiller med kaffi og noko attåt. Sjåast me?