Til nordisk konferanse med aktuelle reiselivstema

Agnes og Kristin
Agnes B. Engeset og Kristin Løseth held kvar sine innlegg på Bornholm denne veka. Også Helene Maristuen ved Høgskulen på Vestlandet er med på konferansen. Foto: Idun A. Husabø

Denne veka reiser Kristin Løseth og Agnes B. Engeset til Bornholm for å halde innlegg for andre nordiske reiselivsforskarar om to svært aktuelle tema i norsk samanheng: innbyggarars syn på cruiseturisme, og korleis klimaendringar påverkar fjellturismen.

Som seniorforskarar med lang fartstid i reiselivet, har både Agnes B. Engeset og Kristin Løseth eit mangeårig forhold til den nordiske turismekonferansen.

Dei fleste arenaene dei to deltek på, handlar om å møte reiselivsbedrifter, kommunar og offentlege aktørar. Men av og til er det viktig å ta seg tid til ein rein fagkonferanse.

– Akkurat dette er vår konferanse som reiselivsforskarar. Det er den vi reiser til når vi har interessante funn vi ønskjer å legge fram for på same felt, utdjupar Agnes.

Relevant fagmiljø arrangerer

Denne utgåva av Nordic Symposium on Tourism and Hospitality Research er lagt til den danske øya Bornholm, der det finst eit forskingssenter som  Arrangøren er eit fagmiljø som er svært interessant for Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv: Centre for Regional and Rural Tourism Research. Senteret held òg doktorgradskurs i forkant, og Helene Maristuen frå Høgskulen på Vestlandet har reist i forvegen for å delta på eit slikt kurs.

Viktig møteplass

For forskarane er konferansen absolutt verdt grytidlege flyavgangar og potensiell sjøgang på ferja frå Ystad til Bornholm i ruskete haustvêr.

– Når vi møtast slik som dette, får vi òg sjansen til å snakke skikkeleg saman. Å bygge nettverk kan gjere at vi får til framtidige prosjekt og publisering i lag, seier Kristin.

Forskarane skal halde kvar sitt innlegg i to ulike parallellsesjonar – Agnes i ein bolk om korleis turisme formar heimstadane våre.

Skeptiske yngre i cruisebygd

Eidfjord

Agnes tek for seg korleis innbyggarar i Eidfjord trivst med turisme. I 2025 tek kommunen imot over 80 cruiseskip og mange bilar på gjennomreise, og Vestlandsforsking leverte i fjor ein rapport til kommunen om funna sine.

– Det mest overraskande vi fann, var at innbyggarar under 45 år var veldig kritiske, fortel Agnes.

70 prosent av dei yngre som svarde i Eidfjord, sa cruiseturismen gjekk ut over bulysta. Misnøya gjekk først og fremst på bilar, turbussar og trengsel, passasjerar som går midt i vegen og inn i hagar eller fotograferer barn. Nokre føler seg òg lite respektert av turistane.

– Når kommunar jobbar med til- og fråflytting, må ein ta på alvor at denne aldersgruppa ikkje trivst med reiseliv, seier Agnes.

Bakteppet er at det går så det grin i norsk reiseliv, og samanlikna med europeiske byar, har vi nok plass. Er det då pussig at enkelte er så misnøgde?

– Det er ei subjektiv oppleving.  Ein kan seie at det handlar om ei kjensle av å miste sin eigen heimplass ved at den forandrar seg, seier ho.

Farlegare fjell krev oppdaterte guidar

Kristin Løseth sin presentasjon handlar det om korleis klimaendringane påverkar risikoen i fjellheimen. Samfunnsvitaren forska på temaet som del av eit større prosjekt der både naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege forskarar deltek.

Kort fortalt er nokre av endringane at bresmelting gir glatte sva med grus på, tinande permafrost kan skape ustabilitet og det blir meir styrtregn.

– Landskapet endrar seg, og dermed endrar risikobiletet seg òg. I Jotunheimen er det dessutan fleire turistar, og ikkje alle er fjellvande, så då blir det fleire som kan hamne i fare, utdjupar Kristin.

At landskapet endrar seg så raskt, gjer at guidane ikkje berre kan basere seg på det dei har gjort før. Kanskje må dei velje andre ruter.

– Guidane er flinke og fangar opp desse endringane. Men det er viktig at dei og selskapa dei jobbar for, held seg godt oppdaterte.