– Pass på forskinga i distrikta

Anne Karin Hamre

Då Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og distriktsdepartementet besøkte Sogndal, nytta direktør Anne Karin Hamre høvet til å etterlyse verkemiddel som kan sikre at det skjer forsking i heile landet, ikkje berre i byane.

Regionalpolitisk avdeling, òg kjend som REGA, har ansvar for å følgje opp regional- og distriktspolitikken til regjeringa. 9. september besøkte avdelinga sitt team Næring, infrastruktur og ressurser Sogndal, og eit møte med Vestlandsforsking var del av programmet.

– Vi er eitt av få forskingsinstitutt med base i distrikta, sa direktør Anne Karin Hamre då ho gav eit glimt av forskinga ved Vestlandsforsking dei siste åra.

Regionalt perspektiv fråverande

Den viktigaste meldinga frå Hamre, var at det har skjedd ein tydeleg konsentrasjon og sentralisering av forskingsmidlar dei siste åra som har slått negativt ut for instituttet. Der distriktspolitikken legg vekt på tilgang til utdanning over heile landet, er tilgangen på forsking mindre vektlagt.

– Forsking i heile landet krev at det finst gode ordningar, sa Hamre. Ho slo fast at det finst lite av «heile landet»-tenkinga i forskingsverda, og viste til Systemmeldinga Kunnskapsdepartementet la fram i mars i år.

– Der er det regionale perspektivet heilt fråverande.

Eit trinn i trappa er vekke

Forskingsrådet har òg i større grad byrja med store senterutlysingar. Dei favoriserer tunge institusjonar og samarbeidspartnarar.

Hamre skildra dagens situasjon som ei trapp der det nedste trinnet er teke vekk etter at Regionale forskingsfond vart avvikla. Dermed er det meir krevjande for små aktørar og unge forskarar å få tak i midlar og bygge seg opp.

– Slik det er no, er vi heile tida ein lillebror. Vi må bite oss fast og prøve å få ein fot i dørsprekken, oppsummerte Hamre.

REGA
Teamet Næring, infrastruktur og ressurser høyrer til i Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og distriktsdepartementet. Dei besøkte òg Årdal på studieturen til Sogn.

For lite midlar i viktige ordningar

Det Hamre særleg ønskjer seg, er at viktige ordningar som Forregion og Kapasitetsløft blir styrka med meir midlar.

– Desse ordningane er viktige fordi dei gjer at forskingsinstitusjonar kan få med mindre bedrifter, kommunar og regionar på forsking, sa ho. Desse aktørane har gjerne lite erfaring med forsking frå før.

Hamre viste til dei store positive ringverknadene slike prosjekt har hatt. Teknoløft Sogn og Fjordane, som var finansiert av Kapasitetsløft, sette mange spor: Fagmiljø vaks og fekk styrka kompetanse, bedrifter og forskarar kom i kontakt og nye prosjekt såg dagens lys, til dømes om innovasjon i frukt- og bærnæringa.