Såg på korleis instituttet arbeider med kjønnsbalanse og mangfald

Kif-komiteen
Kif-komiteen i kantina på Høgskulebygget saman med Hilde G. Corneliussen (i midten med Ragnhild Hennum) og HR-ansvarleg ved Vestlandsforsking, Monica Brugrand (til høgre).

Tema som kjønn, mangfald og inkludering har vore langt framme ved Vestlandsforsking i fleire år, ikkje minst på grunn av forskinga på området. Ein nøkkelaktør på dette feltet er Kif-komiteen, som nyleg la turen til Sogndal for å stifte nærare kjennskap til Vestlandsforsking.

Bak det litt anonyme kortnamnet ligg det både brei og tung kompetanse på dei same temaa. Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning har eksistert sidan 2004, og vart oppretta av det som no heiter Kunnskapsdepartementet for å bidra med auka kunnskap, medvit og støtte innan likestilling og kjønnsbalanse. Komiteen rettar seg både mot universitet, høgskular og forskingsinstitutt og tilbyr støtte og råd om konkrete tiltak.

Den noverande komiteen er leia av Ragnhild Hennum, rektor ved Universitetet i Oslo.

Nyleg vart Vestlandsforsking spurt om å møte Kif-komiteen i Sogndal. 5. september møtte leiargruppa og administrasjonen ein delegasjon på ni personar frå komitéen og sekretariatet. På dagsorden stod Vestlandsforsking sitt arbeid med å sikre god kjønnsbalanse og rikt mangfald i eigne rekker.

Førebels kjønnsbalanse

– Biletet hos oss er at kvinner utgjer 46,9 prosent av forskarstaben og akkurat halvparten av dei tilsette, opplyste HR-ansvarleg Monica Brugrand då ho viste fram tal frå årsmeldinga.

Hennum i Kif
Komitéleiar Ragnhild Hennum tok ordet etter presentasjonane. Hennum blei nyleg utnemnd som rektor ved Universitetet i Oslo. Foto: Idun A. Husabø

Ho orienterte kort om korleis Vestlandsforsking jobbar for å fremme og ta vare på mangfaldet i organisasjonen og om likestillingsplanen som for få år sidan vart utarbeidd av forskarane Hilde G. Corneliussen og Gilda Seddighi og HR-ansvarleg Monica Brugrand. I prosessen trekte dei inn tilsette i ulike livsfasar, aldrar og av ulike kjønn.

Lønssystemet og kva folk av ulike kjønn tener, var eit anna naturleg tema for samtalane med Kif-komiteen, og Brugrand kunne orientere om at det rett nok finst ein lønsforskjell mellom kjønna, men i kvinnene sin favør, og korleis det heng saman med det nye lønssystemet ved instituttet.

Rekrutterer unge menn

Ei tydeleg skeivheit som pregar instituttet, er at det er fleire eldre menn og ein god del yngre kvinner. Dermed kan instituttet gå mot eit interessant skifte om få år, frå balanse til kvinnedominans.

– Vi er medvitne på å rekruttere unge menn, understreka direktør Anne Karin Hamre.

Eit innspel ho fekk med seg frå Kif-komiteen, var at instituttet gjerne kunne legge meir arbeid i å informere omverda om det konkrete og gode arbeidet instituttet alt gjer med inkludering, likestilling og mangfald, i tillegg til å nemne framtidige forbetringar.

Tilsette frå andre land

Eit anna naturleg tema var korleis instituttet jobbar for å ta vare på tilsette frå andre land. Kif-komiteen ville mellom anna vite om instituttet informerer om fagforeiningane si rolle i Noreg.

– Det gjer vi, og vi har eit godt samarbeid med dei to fagforeningane ved instituttet, Forskarforbundet og Tekna, stadfesta direktør Anne Karin Hamre.

Hilde
Kva får kvinner til å søke seg til mannsdominerte felt som IKT? Kif-komiteen fekk innblikk i fagboka til Hilde G. Corneliussen, forskingsleiar for teknologi og samfunn, i tillegg til andre forskingstema som heng saman med kjønn, mangfald og inkludering. Foto: Idun A. Husabø

Ho fortalde at instituttet har rekruttert mange forskarar frå utanfor Europa.

– Når vi rekrutterer folk frå land som USA og India, må vi tenke nøye gjennom korleis vi kan legge til rette for at dei kjenner seg inkluderte, både i møte og andre samanhengar, sa Hamre.

Instituttet har til dømes dekka norskkurs for tilsette som ikkje snakkar norsk og – utan hell – prøvd å skaffe lokale norskkurs tilpassa akademikarar. Ho nemnde elles biblioteka sine språkkaféar som ein nyttig arena når det gjeld å opparbeide seg ei djupare samfunnsforståing av Norge.

Utdanningsval i fokus

Forskingsleiar for teknologi og samfunn, Hilde G. Corneliussen, gjekk gjennom hovudtrekka i forskinga si innan kjønn og relaterte tema. Ho viste til fagboka si, «Reconstructions of Gender and Information Technology: Women doing IT for themselves», som oppsummerer 25 års forsking på eit såkalla «nordisk paradoks»: at IT-bransjen ikkje har greidd å rekruttere nok kvinner, sjølv i land som er blant dei mest likestilte i verda.

– Jenter og kvinner har ein kronglete veg inn i teknologifeltet, sa Corneliussen.

– Dette var særleg spennande for oss, spesielt fordi den neste komiteen skal ha vekt på utdanningsval, sa leiar av Kif-komiteen, Ragnhild Hennum, nytilsett rektor ved Universitetet i Oslo.