Evaluering av Livskraftige kommunar og Grønne energikommunar

Mangel på kapasitet i kommuneadministrasjonen er den viktigste hindringa for ein meir aktiv kommunal miljøpolitikk.

Vestlandsforsking og Møreforsking utfører på oppdrag for KS forskning følgeevaluering av programma Livskraftige kommuner og Grønne energikommuner (se www.livskraftigekommuner.no). Dei to programma skal på ulike måtar stimulere kommunane sitt arbeid med miljø og samfunnsutvikling. Programma starta i 2006 og skal vare fram til 2010. I dag deltek om lag 150 kommunar i desse to nettverka. Den første av i alt to planlagde spørjeundersøkelsar frå følgeevalueringa er no klar.

Undersøkelsane, som omfattar ca 90 kommunar, viser m.a. at 24 prosent meiner at deltaking i Livskraftige kommuner er bedre eller langt bedre enn forventa, medan 40 prosent meiner det er som forventa. For Grønne energikommuner meiner 2/3 av kommunane at utbyttet var som forventa.

På spørsmål om kva hindringar som er dei viktigaste i ulike sider ved kommunane sitt arbeid med miljø og samfunnsutvikling svarer dei fleste at det er mangel på kapasitet i kommuneadministrasjonen. Tal stemmer frå kommunar er åtte til ti ganger høgre for dette svaralternativet enn for andre typar hindringar. På dei tre neste plassane kjem mangel på fagkompetanse i kommuneadministrasjonen, mangel på tilgang til verktøy og arbeidsformer og mangel på økonomiske ressursar.
Blant dei hindringane som blei sett på som minst viktige finn vi mangel på interesse for miljø og samfunnsutvikling i lokalsamfunnet og mangel på fagkompetanse blant lokalpolitikarane.

figur-pm-27-10-08

For meir informasjon kontakt prosjektleiar Carlo Aall, caa@vestforsk.no, 991 27 222 eller last ned rapporten her:
Evaluering av livskraftige kommuner og grønne energikommuner (pdf)