Campus Seminar 17.12: Thoriumkraftverk og den nye atomkraftdebatten - kva dreier debatten seg om?
Dato:
15.11.2006
Campus Seminar inviterer til miljøseminar måndag 17. desember klokka 12-14 i lokala til Vestlandsforsking. Det siste året har det kome nytt liv i debatten om atomkraft i Norge, og då knytt spesielt til spørsmålet om thoriumkraftverk. Professor Karl Georg Høyer ved Høyskolen i Oslo / Vestlandsforsking har lang fartstid i forsking på energi og miljø. Han vil ta oss gjennom den norske historia omkring atomkraft og miljø og sjå dette i lys av den pågåande debatten omkring thoriumkraftverk. Ordstyrar er forskingsleiar Carlo Aall.
Påmelding pr. e-post til als@vestforsk.no innan 14. desember kl 14.00
