Balestrand Summit 2010: Har du vurdert sertifisering? Møt Miljøfyrtårn, Norsk Økoturisme og ISO i Balestrand.

Balestrand Summit 2010, den tredje og siste dialogkonferansen for berekraftig reiseliv, har invitert representantar frå miljøsertifiseringane Miljøfyrtårn, Norsk Økoturisme og ISO.
Dato:
12.05.2010
Fleire og fleire bedrifter vert miljøsertifiserte, noko som er eit nyttig steg i omlegging til eit meir berekraftig reiseliv. Det vert arrangert ei minimesse der du kan prate med ein sertifisør om kva ei miljøsertifisering vil gje di bedrift.