Balestrand Summit 2010

Kva veg kan eit berekraftig reiseliv ta i Norge? Scenario som inspirasjon for norsk reiselivspolitikk.
31. mai-1. juni – Kviknes hotel, Balestrand
Ver med på konferansen på nett!
Årets tema
Reiselivspolitikk er årets tema. Vi tek opp att tråden frå fjorårets samlinga, der reiselivsnæringa sa klart og tydeleg at myndigheitsinvolvering er ein premiss for berekraftig reiseliv i Norge. I paneldebatt ynskjer vi å utfordre næring og det offentlege på kva som må til.
Korleis vil eit norsk berekraftig reiseliv sjå ut i framtida? Scenarier for eit berekraftig reiseliv i Norge 2025 er under arbeid og du vil få høvet til å seie di meining om framtidig norsk reiseliv.
Moderator for dialogkonferansen vil vere britiske Bernard Lane, redaktør av det einaste internasjonale vitskapelege tidsskriftet som har spesialisert seg på berekraftig reiseliv “Journal of Sustainable Tourism”.
Balestrand er den tredje dialogkonferansen for berekraftig reiseliv. Som deltakar får du presentert nytt frå forskinga, delta i ein dialog om berekraftig reiseliv og i ein workshop om aktuelle utfordringar.
Bernard Lane, Paul Peeters og Michael Hall vil delta frå det internasjonale ekspertpanelet til Sustainable Destination Norway 2025.
Premiering av reisemåte
Årets Balestrand Summit ynskjer å setje fokus på den gode reisemåten som ein del av eit berekraftig reiseliv. Transportmiddelet du vel å reise med skal gjere godt for miljøet, kanskje også for deg som reisande? Reis godt, reis sakte, reis i lag eller reis med muskelkraft! Vi lovar eit reiseminne til alle som kjem på ein god og klimavenleg måte til Balestrand Summit.
Kriteria for ein god reisemåte: Buss, tog, båt, samkøyring i bil (min 3 personar) eller sykkel.
God tur!
Praktisk info Tid: 31. mai - 1. juni Stad: Kviknes hotel, Balestrand. Påmeldingsfrist: 25. mai Påmelding: Elektronisk påmeldingsskjema Prisar: Konferanseavgift kr 990,- vert tilsendt på faktura. Mat og opphald kjem i tillegg, sjå påmeldingslink. Student: Ingen studentrabatt men høve til å krysse av for dagpakkar (inkl. lunsj, kaffi/te og konferanseavgift) Betaling: Konferanseavgift kr 990,- vert tilsendt på faktura. Mat og opphald skal betalast direkte til hotellet. Språk: Norsk, men med simultanomsetting for engelskspråklege. |
Praktisk om reisa: Det vert tinga fellestransport frå Sogndal lufthamn Haukåsen og til Balestrand for dei som kjem med fly måndag morgon. Meld frå ved påmelding. For ulike reisemåtar, les meir her. Eventuelle spørsmål til: Vestlandsforsking v/Agnes Brudvik Engeset (prosjektleiar) Tlf 92431040 /Sentralbord Vestlandsforsking tlf 906 33 600 |
Praktisk info:
Tid: 31. mai - 1. juni Stad: Kviknes hotel, Balestrand.
Påmeldingsfrist: 7. mai
Påmelding: Påmeldingslink er lagt ut på nettstaden til
Prisar: Konferanseavgift kr 990,- vert tilsendt på faktura. Mat og opphald kjem i tillegg, sjå påmeldingslink.
Betaling: Konferanseavgift kr 990,- vert tilsendt på faktura. Mat og opphald skal betalast direkte til hotellet.
Språk: Norsk, men med simultanomsetting for engelskspråklege.
|
Praktisk om reisa: Det vert tinga fellestransport frå Sogndal lufthamn Haukåsen og til Balestrand for dei som kjem med fly måndag morgon. Meld frå ved påmelding.
For ulike reisemåtar, les meir her. Eventuelle spørsmål til: Vestlandsforsking v/Agnes Brudvik Engeset (prosjektleiar) Tlf 92431040 /Sentralbord Vestlandsforsking tlf
Arrangørar: Forskingssenter for berekraftig reiseliv (Vestlandsforsking prosjektleiing og Høgskulen i Sogn og Fjordane), Transportøkonomisk Institutt, Universitetet i Stavanger, og Innovasjon Norge. |