Aktuelt-arkiv

  • I mars 2009 vart Fylkesdelplan for klima og miljø vedtatt i fylkestinget med eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal gjere sitt for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. Sogn og Fjordane var mellom dei første fylka i landet til å vedta ein fylkesdelplan på klimaområdet og å utvikle ein metode for systematisk å vurdere om klimamåla blir nådd. Nyleg la Vestlandsforsking fram ein rapport med framlegg til ein slik metode.

  • Fredag 18. januar blei det arrangert eit fagseminar i Sogndal om kva som skjer innan området fornybar energi i Sogn og Fjordane. Her kan de sjå nokre av innlegga på seminaret.

  • Vil eit våtare, varmare, og villare klima gjere det lettare eller vanskelegare å produsere mat i regionen vår? Vil klimaendringar i andre land påverke matproduksjonen her heime? Korleis vil tiltak for å redusere klimagassutslepp verke inn på forholda for å drive jordbruk? Desse spørsmåla står sentralt i ein ny rapport frå Vestlandsforsking og Norsk senter for Bygdeforskning.

  • Ved første augekast kan det sjå ut som ein god ide å gi FN mandat til å kontrollera Internett. Men det er ikkje berre ein dårleg ide, det er eit farleg forslag som fort kan enda opp med meir sensur på nettet.