Bør FN kontrollera Internett?

Ved første augekast kan det sjå ut som ein god ide å gi FN mandat til å kontrollera Internett. Men det er ikkje berre ein dårleg ide, det er eit farleg forslag som fort kan enda opp med meir sensur på nettet.

I den siste tida har kampen mellom FN-organet ITU (International Telecommunication Union) og dei som kjempar for eit ”fritt” Internett, hardna til. På ITU World Conference on International Telecommunications i Dubai i desember 2012 vart det lagt fram eit forslag til oppdatering av ymse reguleringar for telekommunikasjon der ein gjekk langt i å prøva å få meir kontroll over nettet til FN-organet. Eit fleirtal av dei 192 medlemstala stemde for, men viktige land som USA og Stor-Britannia nekta å stemma og nekta også å ta inn desse endringane i sine ratifikasjonar. Også Norge avstod frå å stemma.

Demokratisering eller auka sensur?
Det som frå utsida kan sjå ut som eit forsøk på ”demokratisering” av nettet og å la utviklingsland få ei hand på rattet i Internett-utviklinga, er meir komplisert og kan få større konsekvensar enn som så. For det første opererer ITU etter ”eitt land, ei stemme”, noko som gjer at stemmegiving ikkje reflekterer populasjon (og Internett-bruk). Men det som først og fremst skremmer, er dei mange landa som ønskjer sterkare kontroll over nettet på eit høgare nivå. Forslaget frå ITU blir sett på som eit forsøk på å innføra sensurmulegheiter på toppnivået av nettet (lenka er til ein kommentar i avisa The Guardian).

Også i dag skjer det sensur av Internett i mange land (til og med i Norge der Internett-leverandørar har gått med på ei frivillig sensurering av nettstader med barneporno-innhald). Men det er vanskeleg å kontrollera Internettinformasjon på landnivå; det ville vore mykje enklare om denne kontrollen kunne byggjast inn på eit høgare nivå.

ICANN og ITU - to ulike tilnærmingar
ICANN – Internet Corporation for Assigned Names and Numbers – er organet som koordinerer og administrerer namngiving på nettet i form av tildeling av IP-nummer og tilhøyrande namn. ICANN styrer toppnivåa i systemet (Top Level Domain – TLD).

ICANN har lenge åtvara mot at ITU skal blanda seg inn i styringa av nettet. ITU er ein organisasjon for telekommunikasjons-selskapa i ulike land og har gjennom telenetta eit heilt anna utgangspunkt enn det meir radikale Internettet. ITU og teleselskapa er vande med å ha full kontroll over kommunikasjonsnettet og at denne kontrollen er bygd inn som ein del av netta. Internett er på den andre sida bygt som eit ende-til-ende-nett med minimal kontroll og logikk i nettet. Det er det viktigaste ved Internett; så mykje som muleg av kontroll og logikk skal skje i endane, ikkje som ein del av sjølve nettet. Nettet skal vera så ”dumt” som muleg og berre ruta pakkar hit og dit. Nettet skal ikkje bry seg om innhaldet. Analogien er postmannen/-dama som berre skal bry seg om adressa på brevet og ikkje innhaldet.

Kven kontrollerer Internett?
Kven er det då som eigentleg har kontroll over Internett? ICANN har som sagt ei viktig rolle når det gjeld kontroll med namngiving. ICANN er ein non-profit privat organisasjon underlagt amerikansk (USA) lovgiving. Dei opererer som ein ”multistakeholder”-organisasjon der bedrifter, myndigheiter, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar kan vera medlemar. Tidlegare opererte ICANN/IANA på vegne av amerikanske myndigheiter, men frå 2006 vart ein ny avtaIe mellom US Dep. of Commerce og ICANN underskriven der ICANN fekk overført myndigheit til administrasjon og kontroll med namnesystemet. Før etableringa av ICANN var det USA (US Government) som kontrollerte namnesystemet på Internett. USA har dermed gitt frå seg ein del av kontrollen med nettet, men har likevel ei lita hand på rattet..

Andre viktige organ for vedlikehald og utvikling av Internett er

  • Internet Engineering Task Force (IETF): Ansvarleg for dei teknologiske standardane (Internett-protokollar) nettet byggjer på, sjølv om dei formelt sett ikkje har nokon autoritet anna enn over sin eigen organisasjon og sine eigne publikasjonar. Er kjend for mottoet ” We reject kings, presidents and voting. We believe in rough consensus and running code” som seier mykje om ei antiautoritær haldning og ei antihierarkisk arbeidsform.

  • World Wide Web Consortium (W3C): Styrer utviklinga av web-en. Sjølv om mange trur at web-en = Internett er den ei teknologiplattform basert på Internett-protokollane (det er mange som trur at Facebook = Internett også..). Med den veldige utviklinga av web-en har W3C fått ein dominerande posisjon som garantist for utviklinga av denne delen av nettet. Ei av dei siste sakene frå W3C i 2012 er full dokumentasjon av HTML5 – det som skal bli den nye HTML-standarden. Tim Berners-Lee, oppfinnaren av www, er leiar av W3C.
Lee Bygrave og Jon Bing ved Senter for rettsinformatikk, UiO, var i 2009 redaktørar for boka "Internet Governance - Infrastructure and Institutions". Det er ei bok alle som er opptekne av korleis Internett fungerer, bør ha.

 

Kontroll med Internett viktig for deg og meg
Det er lenge sidan John Perry Barlow, kjend som tekstforfattar for Grateful Dead og "Internett-romantikar", postulerte Declaration of the Independence of Cyberspace:

 

"Governments of the Industrial World, you weary giants of flesh and steel, I come from Cyberspace, the new home of Mind. On behalf of the future, I ask you of the past to leave us alone. You are not welcome among us. You have no sovereignty where we gather."

 

Internett er ikkje eit naturfenomen som står utanfor all kontroll, som denne uavhengigheits-fråsegna kan tyda på. Heilt sidan det kommersielle gjennombrotet i 1993 har ulike krefter prøvt å sikra seg påverknad og kontroll. Ordet "kontroll" blir sjølvsagt ikkje brukt, men bak meir uskuldige uttrykk som "governance" og "regulations" ligg ordet "control" og lurer. Kontrollen med og utviklinga av Internett er viktig for oss alle og difor bør me vera opptekne av kva som skjer og ikkje overlata til andre å ta ansvar.