Aktuelt-arkiv

  • NOKIOS - Norsk konferanse for offentleg sektor - vart arrangert for første gang forrige veke. Det var NTNU som var vertskap og konferansen vart halden i Trondheim. NTNU har planar om ein årleg konferanse for IT i offentleg sektor, og den skal sjølvsagt vera i Trondheim. Eit av hovudtema på konferansen var arbeidet med ny felles IT-arkitektur for offentleg sektor (FAOS).

  • ... vivere non est necesse (å segla [navigera] er nødvendig, å leva er ikkje).
    Losen er viktig for å unngå grunnstøyting og Los er i denne samanhengen ein vegvisar for offentlege tenester.

  • I aprilnummeret av "Forskerforum", tidsskriftet for Forskarforbundet, har eg eit lesarinnlegg med kommentar til debatten rundt Snåsa-mannen. Dessverre har ikkje Forskerforum lagt ut innhaldet på nettet, så i staden for å lenka til innlegget, gir eg det att her.

  • Vestlandsforsking er i same situasjonen som mange andre små verksemder: Me skulle gjerne hatt eit enkelt arkivsystem tilpassa vårt behov.

  • Tema eg vil ta opp er brukarvennelege offentlege tenester og ei utfordring for Miside. Brukarvennlege nettenester har vore fagleg tema for fleire prosjekt i både offentleg og privat sektor på Vestlandsforsking over fleire år. Mellom anna i arbeid med å utvikle indikatorar for å måle kvalitet på alle norske offentlege nettenester og for reiselivsportalar. Men dette blogginnlegget gjeld ei fersk privat erfaring med tenester.

  • Røyken har etter kvart lagt seg etter bråket om ISO-godkjenning av Microsofts OOXML-format. Men den avgjerande aktøren i den norske behandlinga har ikkje gitt lyd frå seg. Kan Standard Norge vera vennleg og reisa seg og forklara kva som skjedde?

  • Professor Tor Fredrik Rasmussen, prof. emeritus i samfunnsgeografi ved UiO, hevda i eit intervju med Aftenposten 29.06.2007 at byar er meir miljøvennlege enn distrikta mellom anna fordi det er langt større utslepp av klimagassar pr. person i distrikta enn i byane. Forskingsleiar Erling Holden skriv i eit tilsvar i Aftenposten at professor Rasmussen er på ville vegar med påstandane sine.

  • Konferansen Topic Maps 2008 er akkurat avslutta og den slutta med ein paneldebatt om framtida for emnekart.

  • I eNorge 2009 heiter det at minst 80 % av alle offentlege nettstader skal oppfylla krava til tilgjengelegheit i løpet av 2007. Det må minst eit under til om det skal skje: i 2006 var det berre 6 av 690 som tilfredsstilte krava.

  • "The Future of Internet and How to Stop It" er den tankevekkjande tittelen på ei aktuell bok av Jonathan Zittrain, professor ved Harvard Law School og assisterande direktør ved Harvard-baserte Berkman Center for Internet & Society. I boka beskriv Zittrain ei utvikling som kan føra Internett frå eit ope og skapande nettverk til ei lukka og kontrollert plattform fullstendig styrt av produsentane.

  • Dette uttrykket er aktuelt i samband med oppstyret rundt Norge.no sin web-statistikk dei siste dagane. Etter å ha rapportert svært låge besøkstal for siste halvår, har det storma rundt Norge.no. Men i denne bloggen er det fenomenet web-statistikk som er interessant å sjå nærmare på.

  • Årets evaluering av offentlege nettstader vart avslutta med ein konferanse og prisutdeling på Oslo Plaza i går (04.12). Det er eit arbeid som får stor merksemd og nær 270 deltakarar var samla på konferansen. Til samanlikning hadde Rosingprisen problem med å komma over 200 deltakarar. Målretting og relevans er nok hovudforklaringa på at kvalitetskonferansen slår Rosingprisen i deltakartal, om ikkje i profilering generelt.

  • Direktoratet for forvaltning og ikt - Difi - har utarbeida forslag til ny kommunikasjonspolitikk for staten og det er no på høyring. Men kommunikasjonspolitikk 2.0 vil det likevel vera feil å kalla forslaget.