Arrangement om forbruksbaserte utsleppsreduksjonar på Arendalsveka
Kva kan kommunane gjere for å redusere klimafotavtrykket til innbyggarane? Kvar går grensene for deira handlingsrom?
Forskar Bror Kristian R. Tandberg frå Vestlandsforsking presenterte funn frå forsking på kva kommunen kan gjere for å kutte utslepp med utgangspunkt i forbruk. Dette kan vere å planlegge for mindre bustader og mindre bilkøyring, samt å leggje til rette for initiativ som ynskjer å drive med ombruk og reparasjon. Kommunane må arbeide målretta med verkemiddelpakkar og sørge for å samordne innsatsen internt for å klare å redusere utslepp målt med eit forbruksrekneskap. Katarina Axelsson frå Stockholm Environment Institute forklarte korleis Sverige fordeler roller og innsats i forbruksbasert klimapolitikk. Svenskane har sidan 2008 hatt ein forbruksbasert utsleppsrekneskap og svenske kommunar arbeider strategisk med rammeverket “unngå, flytte og
forbetre”, kjent under forkortinga UFF, for å oppnå klimamåla dei folkevalde har vedteke. Asker kommune er blant dei norske kommunane som har arbeidd målretta med å dempe det private forbruket. Mellom anna har dei oppretta eit ombruks-kjøpesenter som skal gjere det enklare å ta berekraftige val, fortalde Tale S. Torjussen. Etter innlegga leidde Anne Karin Hamre ein samtale på scenen med Synnøve Stalheim, leiar for Vestland fylkeskommune sin seksjon for klima, plan og analyse. Dei to andre deltok på skjerm, i tråd med temaet.
Heile arrangementet kan sjåast i opptak her (frå kl.3:59:00).
Presentasjonane frå arrangementet finn du her