Open dag: Bli kjend med Vestlandsforsking
Onsdag 10. desember inviterer Vestlandsforsking til open dag i Svingen-bygget på Campus Sogndal. Frå kl. 14 til 16 kan du høyre kva vi forskar på og sjå deg rundt i dei nye lokala våre. Vi byr på gløgg og peparkaker!
Vil du lese litt om oss? Dette innlegget stod i Sogn Avis 5. desember:
Vestlandsforsking – 40 år i Sogn
I år er det 40 år sidan Vestlandsforsking vart stifta som eit frittståande forskingsinstitutt lagt til Sogndal. For mange er vi likevel ein «svart boks». Kva skjuler seg inni?
Anne Karin Hamre (direktør) og Idun A. Husabø (forskar og kommunikasjonsansvarleg)
Vestlandsforsking ... kva driv dei eigentleg med? Mange har spurt opp gjennom åra, og dei fleste tilsette har ein eller annan gong måtte forklare eller rette opp i vanlege misforståingar: Ja, vi held berre til i Sogndal (og er stolte av det). Nei, vi er ikkje ein del av høgskulen, og vi er ikkje ein offentleg organisasjon. Faktisk må vi skaffe mesteparten av midlane våre sjølve, i hard konkurranse med andre.
Frå utanlandske samarbeidspartar får vi andre spørsmål. Korleis kan dette instituttet liggje her, så langt frå næraste by? På ein så nydeleg stad?
Det er kanskje pussig at det ligg eit frittståande forskingsmiljø i Sogn. Samstundes har det ei enkel forklaring. I 1970- og 80-åra oppmoda styresmaktene til skiping av regionale forskingsinstitutt og dei fleste fylka fekk sitt. Sogn og Fjordane fekk Vestlandsforsking i 1985, med fylkeskommunen som stiftar. Det store spleiselaget inkluderte Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar. Til saman spytta dei i 4 millionar kroner, verdt om lag 12 millionar kroner i dag. Med denne dåpsgåva og eit nokså fritt mandat, tok den første direktøren til å rekruttere tilsette frå ei leilegheit i Guro Ness-bygget i Fjøra, der direktørkontoret skal ha liggje på eit kott.
Samfunnsvitskap har heile tida vore kjernen i det faglege arbeidet. Når vi forskar på klima og miljø, er det altså samfunnsmessige sider ved klimaendringar og miljøspørsmål det dreier seg om: korleis kan kommunar bu seg på meir flaum, skred og overvatn, korleis kan vi bruke areal meir skånsamt enn i dag, på kva måtar kan det norske landbruket bli råka av klimahendingar i andre delar av verda?
Samstundes skjer mykje av forskinga i samspel med naturvitskaplege fagmiljø ved andre institusjonar, både i Noreg og andre land. På same måte er det samspelet mellom teknologi og menneske som står i fokus for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking, ikkje teknologien i seg sjølv. Til dømes handlar det om å bruke kunstig intelligens og stordata til å oppdage og stoppe falske nyheiter og hatprat på sosiale medium, å bruke KI til å styrke krisehandtering og samfunnsberedskap eller korleis vi kan unngå utanforskap og diskriminering når samfunnet blir meir digitalt.
Fleire lurer på kor mange vi er. Talet er rundt 37, og du finn oss øvst i Svingen-bygget på Campus Sogndal. I mange år har vi bidrege til at folk med bakgrunn frå andre land buset seg i Sogn. Nett no har vi tilsette frå India, Bolivia, Polen og USA, men òg naboland som Sverige og Danmark. IT-delen av instituttet hatt sørkoreanske teknologar. Dei fleste tilsette er likevel norske, og mange har vakse opp i Sogn, som dei tre som held på med ein doktorgrad akkurat no: Torbjørn og Bjørn Christian frå Sogndal og Tara frå Luster.
Prosjekt er den vanlegaste arbeidsforma vår. Vi hentar rundt 87 prosent av inntektene våre frå ulike typar oppdrag og prosjekt, både for offentlege og private verksemder, Noregs forskingsråd og EU. Dei fleste oppdraga får vi gjennom å skrive søknader saman med andre fagmiljø der vi skildrar i detalj korleis vi har planar om å utføre eit omfattande, fleirårig arbeid. Mange av søknadene tek lang tid å skrive og held høg vitskapleg kvalitet. Det må dei for å nå opp hos Forskingsrådet eller EU-kommisjonen. Det er slett ikkje alltid vi får tilslag, og då gjeld det berre å gå i gang på nytt. Denne jakta er strevsam, men krev òg at forskarane heile tida er på tå hev og utviklar seg i takt med samfunnet sine behov.
Ein samarbeidspart fleipa ein gong med at Vestlandsforsking var som ei pølsebod med mange opningar. Med det antyda han at eit knippe forskarar tilbydde kompetanse med ulike namn. Slik kan det heilt klart sjå ut, for det finst mange undertema innafor kvart av hovudområda våre – klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.
Dei same forskarane brukar dessutan kompetansen sin på meir enn eitt tema. Sjølv om Marta forskar mest på tilpassing til klimaendringar, kan ho òg arbeide med klimagassutslepp i landbruket, så lenge ho har oversikt over felta eller samarbeider med nokon som utfyller ho. Den faglege kompetansen ved instituttet vårt kan brukast på ulike måtar, slik ulike sektorar i samfunnet òg er samanvevde, og slik samfunnsutfordringar brukar å vere komplekse. Ofte må det ei tverrfagleg tilnærming til for å utvikle løysingar.
Vestlandsforsking har likevel ein raud tråd. For tida jobbar historikarmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet med ei bok som oppsummerer dei førti åra Vestlandsforsking har eksistert. Dei trekkjer fram «samskaping» som ein raud tråd. Bak dette ulne omgrepet ligg ein ganske forståeleg arbeidsmåte: at forskarar samarbeider tett med dei som skal bruke kunnskapen. Når ei lita gründerbedrift søkjer samarbeid med IT-forskarar for å utvikle tenesta si vidare ved hjelp av kunstig intelligens, startar dei to partane på ein lang dialog og ein serie treff som vil munne ut i eit resultat begge har hatt handa på. Ein kommune som bestiller ei utgreiing om kor stort turisttrykk innbyggjarane deira kan tole, spelar ball med forskarane heilt til rapporten er klar.
Å forske er ikkje det same som å arbeide som konsulent, sjølv om det kan likne. I dag har dei fleste forskarane ei doktorgrad eller er ph.d.-stipendiatar. Dei deler òg funna sine gjennom å skrive vitskaplege artiklar. Desse er som regel på engelsk og blir publiserte i internasjonale tidsskrift der dei kan nå ekspertar i andre delar av verda. Artiklar av denne typen må gjennom eit trongt nålauge, ei vurdering frå andre på same felt, før dei kjem ut. Dette krev tid og ressursar, men publisering må til for at forskarane skal vere relevante for samarbeidspartar og for å få nye forskingsprosjekt.
I samband med 40-årsjubileet vårt har mange prøvd å setje ord på kva som er det unike for Vestlandsforsking. Er det alt det internasjonale samarbeidet? Eller at vi har stått på eigne bein, og framleis er her etter fire tiår? På jubileumsfesten vår sa ein gjest at «de gjer det fjerne nært». Det tykte mange var godt sagt. Forskarane ved Vestlandsforsking bevegar seg stadig mellom ulike nivå, frå det heilt lokale til regionen, landet og verda utanfor i arbeidet med store samfunnsutfordringar. Dei globale problema finst òg lokalt, og vi arbeider ofte med å skreddarsy kunnskapsbaserte løysingar for dei som har skoa på, anten det er kommunar som bur seg på eldreboom eller offentlege etatar som vil motarbeide utanforskap.
I den grad instituttet vårt har eit overordna mål, er det å vere med på å dytte samfunnet vårt i berekraftig retning, som all kunnskap seier er den einaste farbare vegen framover.