Feira 40 år med Vestlandsforsking
I år feirar Vestlandsforsking 40 år som forskingsinstitutt. Denne veka inviterte jubilanten dei viktigaste samarbeidspartane sine til ein fest i dei nye kontorlokala på Campus Sogndal.
Jubileet har vore feira tidlegare i 2025, på den formelle stiftingsdatoen 13. mars. Men medan det var ein bursdagsfest med nøkkelpersonar frå dei første åra, var arrangementet 19. november for nasjonale, regionale og lokale gjester som Vestlandsforsking har band til.
Styreleiar Silja Ekeland Bjørkly ønskte velkommen til feiringa i det splitter nye bygget Svingen på Campus Sogndal, der instituttet flytta inn i slutten av september.
– Eg er veldig stolt av forskinga ved instituttet og alt de har fått til, sa Bjørkly. Ho peikte samtidig på store samfunnsutfordringar vi går i møte og korleis forskinga ved Vestlandsforsking tek sikte på å bidra til løysingar.
Ho gav ordet vidare til direktør Anne Karin Hamre, som innleidde eit program med tre bolkar: Vestlandsforsking før, no og i framtida.
Mange gode vener
Mange av gjestene ville gje helsingar og ønske 40-åringen til lukke med jubileet. Representantar frå Forskningsrådet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Sogndal kommune, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA), FOKUS-institutta, Ruralis, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og fleire tidlegare direktørar tok alle ordet for å heidre jubilanten.
HVL var representert ved rektor Gunnar Yttri, som etter innlegget sitt bad om å få nok ein applaus, ikkje for seg sjølv, men for noverande og tidlegare forskarar og leiarar ved Vestlandsforsking, som bidreg aktivt til forskingsmiljøet i Sogndal.
Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, var òg full av lovord. I hennar sinn har Vestlandsforsking ein heilt eiga valør, kunngjorde ho, ettersom ho både har delt kontorplass med instituttet i eitt år og hatt rolla som styreleiar.
Dystert bakteppe
Direktør Anne Karin Hamre skisserte utfordingsbiletet dei regionale forskingsinstitutta står overfor i dag.
– Ein blir fort ståande i ein skvis mellom universiteta, som på si side slit med kutt og som i større grad må konkurrere med forskingsinstitutta om midlar, og konsulentselskap som har sett ein firedobling i størrelsen dei siste 15 åra og som er ein stor konkurrent på oppdragssida, sa ho. Fleire av dei som heldt innlegg på jubileumsmarkeringa lufta óg ei bekymring for at fleire finansieringsordningar for regional forsking og utvikling har vorte kutta ut eller står i fare for å bli det.
I fjor vart regionale forskingsfond sløyfa og det noverande forslaget til statsbudsjett legg opp til at Forregion skal ryke i 2026. Forregion har vore ein motor for utvikling av næringsliv i distrikta, og mange ytra ei bekymring for at bedrifter i distrikta vil miste tilgangen til forsking og innovasjon dersom ordninga blir skrota.
For Vestlandsforsking si del nemnde fleire at størrelsen og evna til å snu seg rundt fort i det omskiftelege landskapet, òg betyr at instituttet kan finne nye kjelder til finansiering.
Det blei rissa opp fleire store utfordringar samfunnet står overfør i tida framover. Fleire viste til at Draghi-rapporten, Perspektivmeldingar og andre framsyningar frå autoritative organ i Noreg og i EU peikar på at klima og miljø, demografi og handtering av kunstig intelligens og digital infrastruktur vert viktige prioriteringar framover.
– Gjer det fjerne nært
Det kom mange lovord under feiringa, og gjestene kappast om å setje ord på kva som er særeige for instituttet. Avdelingsdirektør i Forskningsrådets avdeling for forsknings- og innovasjonssystemet, Johannnes Waage Løvhaug, trekte fram den oppsiktsvekkande CV-en instituttet har når det gjeld internasjonale forskingsprosjekt, mellom anna med finansiering frå EU-kommisjonen. Fleire la vekt på kor godt innretta Vestlandsforsking er når det gjeld å bidra til løysingar på store samfunnsutfordringar som er i emning.
– Vestlandsforsking tek med seg perspektiva frå dei små lokalsamfunna inn i internasjonale forskingsprosjekt, og tek med seg globale trendar heimatt til Sogn, sa Liv Signe Navarsete.
Historikar Yngve Nilsen ved Høgskulen på Vestlandet, som saman med tre kollegaer har oppdraget med å skrive ei bok om Vestlandsforsking si historie, peikte på rolla instituttet har teke når det gjeld å kople saman utanverda og den lokale konteksten.
– De har gjort det fjerne nært og omsett globale trendar til noko lokalt, sa Nilsen.
Tiden vil vise kor dei neste 40 ber for instituttet, men det er liten tvil om at instituttet har mange gode vener som heier på ein.