Møt oss på Arendalsveka
Torsdag 15. august arrangerer Vestlandsforsking ei rekkje spennande debattar under Arendalsveka om berekraftig arealpolitikk, turisme, klimatilpassing og meir. Kom innom Teaterplassen 3 i Arendal og få med deg interessante diskusjonar og ein smak av det frodige Vestlandet.
Alle arrangementa føregår i GRID-Arendal sin bakgard (2. etasje) på Teaterplassen 3 i Arendal. Vi strøymer alle arrangementa, og du kan sjå dei her.
Eitt år etter «Espen» og «Hans» - har innsatsen i klimatilpassinga auka?
kl. 9-9.45
Arrangementet startar med framlegging av 2.0-versjonen av Noradapt si rangering av norske kommunar etter fysisk klimarisiko. Deretter får vi tre korte innlegg om erfaringar med klimatilpassing i Noreg før ein debatt om kva som har skjedd det siste året etter ekstremvêret Hans og framlegginga av ny stortingsmelding om klimatilpassing («Espen»). Korleis ligg vi an, og klarer vi å gjere tilpassing på ein berekraftig måte?
Fører samfunnsøkonomisk analyse av klimatilpassing meir til rassikring og mindre til nye motorvegar?
kl. 10-10.50
Arrangementet opnar med innlegg frå representantar for Statens vegvesen og Nye Veier AS, med deira vurderingar av arbeidet med klimatilpassing i vegsektoren. Deretter følgjer tre korte innlegg frå forskingspartnarar om dei framtidige farane for norske veger. Arrangementet avsluttar med ein debatt om kva for rolle teknologi kan spele i vegsektoren og kva for veg ein bør gå (og satse på) i framtida.
Kva veit vi om samanhengane mellom arealbruk, naturmangfald og klima?
kl. 11.00- 11.45
I nyare tid har vi forstått at natur- og klimakrisene er tett samanvevde og må løysast i samanheng, men det har mangla ein god oversikt over kunnskapen på området. Forskingsrådet har derfor fått utarbeidd to oppsummeringar av forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og -lagring.
Kom innom for ein sofadiskusjon mellom representantar for Forskingsrådet, miljøforvaltninga og dei to forskingsmiljøa som har gjennomført kunnskapsoppsummeringane (NINA og Vestlandsforsking). Vi vil trekke fram viktige funn om forskingslitteraturen, peike på kunnskapshol og diskutere kva som skal til for å skaffe den kunnskapen som manglar.
Korleis ser ein arealpolitikk som integrerer natur- og klimaomsyn ut?
kl. 12.10-12.55
Når vil vi få ein nasjonal arealpolitikk som integrerer klimaomsyn og ivaretaking av naturmangfald, og korleis kan denne politikken effektivt følgast opp lokalt? Kommunane og fylkeskommunane har eit stort ansvar for arealbruk, og dei forventar at nasjonal politikk ser klima og natur i samanheng. Andre spørsmål debatten vil ta for seg er kva rolle fylkeskommunane har på dette feltet, og vil betre naturdata bidra til at mindre natur blir bygd ned, eller er det andre faktorar som avgjer meir? Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen deltek i debatten.
Kven sørger for at vi forbruker i tråd med klimamåla?
kl. 13.05- 13.50
Kva kan kommunane gjere for å redusere klimafotavtrykket til innbyggarane? Kvar går grensene for deira handlingsrom? Forskar Bror Kristian R. Tandberg frå Vestlandsforsking presenterer funn frå forsking på kva kommunen kan gjere for å kutte utslepp med utgangspunkt i forbruk. Katarina Axelsson (Stockholm Environment Institute) fortel om rollefordelinga og innsatsen for forbruksbasert klimapolitikk i Sverige, og kva vi kan lære av svenskane. Til slutt høyrer vi frå Tale S. Torjussen om korleis Asker kommune arbeider for at innbyggarar skal forbruke mindre. Innlegga vert etterfølgt av spørsmål frå salen. Arrangementet går føre seg hybrid med delvis digital deltaking.
Kor mange turistar toler norske reisemål? Lokale utfordringar og globale utslepp
kl. 14.00- 14.45
Mange sektorar i samfunnet har lykkast med klimakutt, men i reiselivet held utsleppa fram med å auke. Korleis kan vi då oppnå nullutslepp i 2050? Seniorforskarane Carlo Aall, Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth gjev innleiingsvis innblikk i forsking på nasjonale utslepp frå reiselivet samt pågåande arbeid med tolegrenseanalysar for cruisetrafikk. Deretter vert det debatt om utfordringane med å få ned utslepp frå reiselivet, og om det bør vere opp til kommunane og reisemålsselskapa å bestemme omfanget av cruiseturismen, eller om me treng ein nasjonal plan for cruise?