Feltarbeid om vindkraft-nei i Troms

tre personar ser på eit ark der ein forklarer og teiknar
Nils M. Utsi teiknar og forklarer for Karen og Ragnhild.

To av forskarane frå Vestlandsforsking var nyleg på feltarbeid i Kvænangen kommune.

I desember 2025 var Ragnhild og Karen på reise i Nord-Troms med Enabling Land Use Justice-prosjektet. Feltarbeidet fann stad i Kvænangen kommune – Návuona suohkan på nordsamisk og Naavuonon komuuni på kvensk. 

Forskar Ellen Marie Jensen er engasjert gjennom prosjektet sin lokale partnar Árres for å utføre forskinga saman med Vestlandsforsking.

I prosjektet ser forskarane på bakgrunnen for at kommunestyret ikkje gjekk vidare med vindkraftplanar i 2023, og kva som er viktig for vidare arealbruksplanar lokalt. Ragnhild og Karen blei tekne godt imot og hadde lærerike dagar med feltarbeid.