Inviterer til klimakveld 3. mai

scenekunstnar sjølie sveen
Amund Sjølie Sveen utforskar dagens økonomiske system i form av ein performance. I tillegg til å vere scenekunstnar er Sveen musikar, forfattar og samfunnsdebattant. Sveen har tilknyting til UiT - Norges arktiske universitet. Han kjem frå Vadsø. (Foto: Wolfgang Silveri)

Under konferansen Klimaomstilling 2023 i Sogndal inviterer Vestlandsforsking til klimakveld på Quality Hotel Sogndal, med stikkord som bokbad, radikal klimaaktivisme og scenekunst om verdsøkonomiens skeive gang frå byrjinga til i dag. – Dette trur vi har brei appell blant alle som er opptekne av klimasaka, seier Tone Rusdal, koordinator for konferansen.

medieprofessor
Espen Ytreberg, forfattar og professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo

Når klimaomstilling skal på dagsorden i Sogndal for åttande året på rad 3. og 4. mai, er det med eit heilt nytt element i programmet: ein klimakveld som òg er open for interesserte frå nærområdet. Dette kveldsprogrammet går føre seg i litt lausare rammer, og arrangørane inviterer inn eit større publikum utanfor konferansen.

Klimakrisa sett frå ein annan vinkel

Målet med klimakvelden er å nærme seg klimakrisa frå ein litt annan kant, gjennom kulturelle uttrykk og litt andre stemmer enn dei som er typiske for det faglege programmet på dagtid.

Klimakvelden byr på eit bokbad, eit møte med unge aktivistar og eit foredrag heilt utanom det vanlege, der ein scenekunstnar tek for seg verda si økonomiske historie – frå den første byttehandelen til globalisering og galopperande forbruk.

To oljealdrar

Kveldsprogrammet startar med eit bokbad med Espen Ytreberg, forfattar og professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo. I august kjem han med ei ny bok der Ytreberg tek for seg den norske industrielle kvalfangsten: «Hvalene på stranda - en utryddelseshistorie». Han tek òg opp likskapar mellom kvalfangarane og situasjonen til dei som er vitne og medverkande til dagens miljøødeleggingar. Ytreberg ser fleire parallellar mellom det mange kallar Norges første oljealder- kvaloljas alder - og den mineraloljealderen vi no er inne i.

aktivist
Sogndal-baserte Calum Macintyre er klimaaktivist, gründer og snøbrettkøyrar. Han stiller til samtale om sivil ulydnad og radikal klimaaktivisme under klimakvelden i Sogndal 3. mai. (Foto: Eliah Lillis)

Frustrerte unge

Calum Macintyre frå Stopp Oljeletinga Sogndal stiller til samtale om radikal klimaaktivisme og sosial ulydnad. Organisasjonen han representerer har, til liks med Extinction Rebellion, fått skarp kritikk for aksjonsformene sine, som då aktivistar prøvde å lime seg fast til ramma på Munchs “Skrik” på Nasjonalmuseet i november. Må miljørørsla bruke sivil ulydnad for å oppnå politisk endring?

Samtalen vil utforske klimafornekting i samfunnet, korleis sivil ulydnad er blitt brukt i tidlegare sosiale rørsler, og røyndommen aktivistar møter når dei bruker denne forma for aktivisme. I tillegg møter vi Hannah Hirson, som er sør-afrikansk og elev ved Red Cross Nordic United World College i Flekke. Hirson kjem frå ein familie med band til den sosiale rørsla i Sør-Afrika under apartheid.

Forklaringa på forbrukarsamfunnet

Til slutt får vi ein performance med scenekunstnar Amund Sjølie Sveen. I eit slags underhaldande foredrag med tittelen “Economic Theory for Dummies”, tek Sjølie for seg den teoretiske, historiske, filosofiske og psykologiske bakgrunnen for dagens økonomiske røyndom. Han dveler òg ved korleis retorikken i det økonomiske systemet vårt, etter hans syn, pregar både media og måten kvar og ein av oss tenker på. – Sjølie meiner vi treng å forstå økonomien, og omgrepa og språket som høyrer til, for å ha ei kvalifisert meining om økonomi. Hans bidrag til at vi skal forstå, er dette lynkurset - ein teori “for dummies”, forklarer Rusdal.

Klimakvelden startar kl. 19:30, og billettar kan kjøpast i døra (inngang: 200 kr).

– Vi håpar å sjå fleire sogningar på Quality Hotel Sogndal om kvelden 3. mai, seier Rusdal.