Godt år for Vestlandsforsking

Direktør Merete Lunde og leiargruppa
Frå venstre Ivar Petter Grøtte, Hans Jakob Walnum, tidlegare direktør Merete Lunde, Torkjel Solbraa og Halvor Dannevig.

Årsmeldinga for 2018 har mange høgdepunkt for Vestlandsforsking. Noradapt vart etablert, 70 prosjekt var i arbeid ved instituttet, forskarane har publisert rekordmange artiklar, og instituttet fekk svært god omtale.

Sommaren 2018 vart Forskningsrådet si evaluering av det samfunnsvitskaplege fagområdet (SAMEVAL) i Noreg lagt fram. Hovudmålet med evalueringa var å vurdere kvaliteten på norsk samfunnsvitskapleg forsking og belyse korleis forskinga vert formidla og teken i bruk. I evalueringa oppnår fagmiljøet ved Vestlandsforsking svært gode resultat. Frå vurderinga: “It is evident that the institute is fully committed to promoting excellent research at the highest academic level, while remaining firmly embedded in its regional and local context”. Dette er ei stadfesting av mål, visjon og strategi ved instituttet.

Vi har delteke i 17 internasjonale prosjekt og to prestisjetunge H2020 prosjekt. I 2018 etablerte vi også NORADAPT – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing. Ein av styrkane til Vestlandsforsking ligg i det store samarbeidsnettverket og den tverrfaglege forskingsaktiviteten.

Ved utgangen av 2018 var det 30 tilsette ved instituttet. Omsetnaden var 32,2 millionar kroner. Vitskapleg publiseringspoeng per forskarårsverk var 1,4, noko som er rekord for instituttet og eit resultat av ei langsiktig strategisk prioritering på vitskapleg kvalitet.

2018 har vore eit år prega av både regionreform og utforming av ny instituttpolitikk. Vestlandsforsking som eit regionalt institutt er ein viktig del av det distribuerte kunnskapssystemet i Noreg og er viktig nettopp i kraft av lokaliseringa og kunnskap om regionen som er bygd opp over tid. 

Forskingsaktiviteten er forankra i regionen, men skjer både på den regionale, nasjonale og internasjonale arenaen. 

Les meir om aktiviteten ved instituttet i kortversjon av årsrapporten, som også kan lastast ned som pdf HER: