Ny forskingsleiar ved Vestlandsforsking

""
Forskingsleiar Halvor Dannevig

Halvor Dannevig er Vestlandsforsking sin nye leiar for klima- og miljøforskinga ved instituttet frå 1. januar 2018.

Aktuelt

Halvor Dannevig er tilsett som ny forskingsleiar for Vestlandsforsking si forskingsgruppe på klima og miljø som utgjer 12 forskarar i inngangen til 2018. Instituttet utfører forsking og utviklingsoppdrag for offentleg og privat verksemd innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Fagområdet som Dannevig får ansvar for utgjer om lag 50% av forskingsaktiviteten ved instituttet, og han går inn i leiargruppa.

- Det blir ei spanande utfordring som eg gler meg til å ta fatt på. Eg overtar ei gruppe med flinke og motiverte medarbeidarar og vi har mange gode og interessante prosjekt i portefølja vår, seier Halvor Dannevig.

Halvor har sidan 2011 vore tilsett som forskar ved Vestlandsforsking og har klimatilpassing som sitt fremste forskingsområde. Han har doktorgrad frå Universitetet i Aalborg i 2015 med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking. Arbeidet omhandla introduksjon av tilpassing til klimaendringar som eit felt innan forvaltning og politikk i Norge. Halvor har også forskingsinteresser innan naturbasert reiseliv og er sertifisert tindevegleiar. Han har tidlegare arbeidd ved CICERO Senter for klimaforskning i Oslo frå 2008 til 2011, og har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitetet i Bergen. Dannevig flytta til Sogndal i 2011 og har sambuar og ein gut på halvanna år.

- Halvor er fagleg sterk, har stor kapasitet og har gode leiareigenskapar. Klima og miljø er blant dei viktigaste samfunnsutfordringane vi no står ovanfor, og han vil kunne ivareta den faglege kvaliteten og bidra til vidare utvikling av forskingsmiljøet og forskingsaktiviteten ved instituttet i Sogn og Fjordane på ein god måte, seier Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking. Det er lagt eit godt kunnskapsgrunnlag gjennom fleire års forskingsarbeid innan klima og miljø ved instituttet. Eg er glad for å ha Halvor med i leiinga i ei tid der det er stort behov for auka kunnskap på klima- og miljøområdet, seier Lunde.

- Klima- og miljøgruppa er godt rigga for framtida, det har aldri vore fleir medarbeidarar med doktorgrad, og vi har nyss fått fleire store prosjekt så vi har nok å gjere i tida framover. Slik sett kjem eg til dekka bord, seier Halvor. Han understrekar at han vil halde fram med det gode arbeidet til forgjengaren sin, og legge til rette for at medarbeidarane skal fortsette å utvikle seg fagleg og at gruppa skal gje viktige bidrag til både forskingsfronten og regionen.

Dannevig overtar stillinga etter forskingsleiar Carlo Aall, som held fram i Vestlandsforsking som forskar.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium