Ny bok om kunstig intelligens i næringslivet

""
Rajendra Akerkar. Foto: Merete Lunde

Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking er ute med ny bok. Den gir ei innføring i bruk av kunstig intelligens i næringslivet.

Den nyleg lanserte boka av forskar Rajendra Akerkar har tittelen «Artificial Intelligence for Business». Den fokuserer ikkje på dei grunnleggande matematiske teknikkane, men gir eit overblikk over dei mest populære modellane for kunstig intelligens som næringslivet brukar i dag.

 - Boka er ein guide for leiarar og andre i næringslivet om bruk av kunstig intelligens, seier forfattaren Rajendra Akerkar. Akerkar leiar forskinga innan stordata ved Vestlandsforsking og har skrive fleire bøker innan «Data Science».

Dei mest brukte modellane for AI

Boka på 80 sider er delt inn i seks kapittel. Det første kapittelet gir ein kort introduksjon av kunstig intelligens (AI) og beskriv samanhengen mellom maskinlæring, datavitskap og stordataanalyse. Dei neste kapitla omhandlar maskinlæring. Maskinlæring handlar om korleis lære datasystema å lage gode analyseresultat ut frå data som dei vert mata med. Kapittel 4 introduserer «recommendation engines», eit av konsepta i AI som er i rask vekst. Konseptet handlar om at systema kjenner til kundane sine interesser basert på tidlegare val, og kan foreslå nye aktuelle produkt eller tenester.

Boka har òg eit kapittel om «natural language processing (NLP)», ein teknikk som gjer datamaskiner i stand til å lese, forstå og trekke ut meining frå språket vårt. I det siste kapittelet gir Akerkar sine observasjonar og deler sin innsikt om korleis næringslivet kan bruke og dra fordel av kunstig intelligens i si verksemd.

Springer forlag

Boka «Artificial Intelligence for Business» er gitt ut på forlaget Springer. Lenkje til boka: https://www.springer.com/gp/book/9783319974354

Om forfattaren

Rajendra Akerkar har mastergrad i anvendt matematikk og doktorgrad i informatikk. Akerkar leiar forskinga innan stordata ved Vestlandsforsking. Rajendra har forfatta eller vore medforfattar til 14 bøker, rundt 124 forskingsartiklar, co-redigert to e-bøker og redigert 14 volum av internasjonale konferansar og seminar. I 2013 redigerte han eit omfattande oppslagsverk: «Big Data Computing». I 2016 var han medforfattar til ei lærebok med tittelen «Intelligent Techniques for Data Science». No er han ute med ei ny bok med tittelen «Artificial Intelligence for Business».