Forskingsdagane 2018

""
Torunn Hønsi. Foto: Idun A. Husabø

Denne veka startar Forskingsdagane. Du vil finne Vestlandsforsking på Forskingstorg i Sogndal 22. september, lese kronikkar om kva vi forskar på, og bestille gratis foredrag av ein forskar.

Aktuelt

forskingsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal festival som går føre seg frå 19. til 30. september. Det blir fleire hundre aktivitetar over heile landet i løpet av festivalen. I Sogndal startar det første arrangementet allereie på opningsdagen 19. september ved Høgskulen på Vestlandet. Tema for årets Forskingsdagar er «Oppvekst».

Bestill ein forskar

Vi tilbyr gratis føredrag under Forskingsdagane. Klimaendringar vil påverke samfunnet vårt og levevilkåra i naturen på ulike måtar, og i år kan du bestille forskar Torunn Hønsi  til å komme til arbeidsplassen din og snakke om kva som kan skje med ureina grunn når klimaet endrar seg. Ho gir tips til korleis ein kan førebyggje ureining og skader på natur og samfunn.

Interessert i å bestille eit gratis føredrag? Ta kontakt med oss på post@vestforsk.no eller 906 33 600. Bestillinga blir formidla vidare til forskaren, som tek kontakt for å avtale tid og stad.

Førstemann til mølla gjeld!

Forskingstorg på Sogningen

Laurdag 22. september stiller forskarar frå Vestlandsforsking på Forskingstorget på Amfi Sogningen. Vi legg opp til kjekke og lærerike aktivitetar for alle, frå dei som likar å spele puslespel til dei som lurer på kva forskinga fortel oss om dataspel. Vi spør: «Kven i familien er det som bestemmer over dataspelinga?» Torget startar kl. 12.00 og varer til kl. 14.00. Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet vil òg vere på torget.

Kronikkar

Under Forskingsdagane kan lesarar av Sogn Avis og Firda få eit innblikk i noko av det forskarane arbeider med. Det er forskarar både frå Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde) og Vestlandsforsking som har skrive kronikkar.

 

Sjå oversikt over alle arrangementa i Sogn og Fjordane

Meir om Forskingsdagane