Foredrag om fjellsport, miljø og klima

""
Foto: Halvor Dannevig

Kva vil klimaendringane gjere med fjellsporten? Onsdag 21. februar held Vestlandsforsking og DNT eit ope møte med tre foredrag om fjellsport, miljø og klima. Møtet er ein del av Fjellsportfestivalen 2018.

Aktuelt

Korleis vil folk som driv med fjellsport og naturbasert reiseliv merke klimaendringane? Slike spørsmål er sentrale i eit nytt forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking. Onsdag 21. februar, rett før opninga av Fjellsportfestivalen 2018, inviterer Vestlandsforsking og DNT til eit ope møte om forskinga som er på trappene. DNT fortel om korleis reiselivet arbeider med å bli grønare, medan Vestlandsforsking kjem inn på korleis særleg det naturbaserte reiselivet vil bli meir utsett for følgjer av klimaendringar i åra som kjem. Til møtet kjem òg to meteorologar frå kunnskapsmiljøa som skal skreddarsy framskrivingar av klima i det nye prosjektet, Meteorologisk institutt og UNI Research Klima.

Naturbasert reiseliv utsett

Fjellsport og skiturisme elles er viktige delar av det naturbaserte reiselivet. Her er snøfattige vintrar den openberre trusselen, men generelt er det naturbaserte reiselivet utsett for følgjer av klimaendringane. Dette er utgangspunket for forskingsprosjektet det opne møtet spring ut av. Prosjektet heiter «Virkninger av klimaendringer på norsk naturbasert reiseliv» og har kortnamnet Clim-Tour. Eit sentralt forskingsspørsmål blir altså korleis reiselivet som heilskap og enkeltbedrifter kan tilpasse seg endringane som kjem i åra eller tiåra framover, både for å unngå tap og skade på liv og helse.

Reiselivet er med

Det er sjeldan det er blitt gjort ein så tematisk brei studie der ein koplar saman det meteorologar og klimaforskarar veit om utviklinga i klimaet med kunnskapen biologar, økologar og samfunnsforskarar kan byggje basert på framskrivingane deira. Nokre av verdas fremste forskarar på feltet klima og reiseliv er med i forskingsprosjektet, som samtidig involverer mange frå reiselivsnæringa – i hovudsak opplevingsbedrifter og reisemålsselskap i Nord-Noreg og på Vestlandet. Lokalt og regionalt er Flåm AS, Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og reisemål Hardanger Fjord med. Fylkeskommunane deltek òg.

Les meir om forskingsprosjektet ClimTour

Sjå òg omtale på festivalen sine nettsider.

Omtale i Sogn Avis, 21.02.18: Startar festivalen med klimadebatt

Program for det opne møtet 21. februar: 

Stad: Quality Hotel Sogndal

Kl. 15.00: Vegkart for reiselivet – mot eit berekraftig reiseliv (Anne Mari Aamelfot Hjelle, DNT)

Kl. 15.30: Korleis kan reiselivet tilpasse seg eit endra klima? (Ida Marie Gildestad, Vestlandsforsking)

Kl. 16.00: Pause

Kl. 16.15: Klimaendringar og fjellsport (Inger Hanssen-Bauer og Stephanie Mayer, Meteorologisk institutt/UNI Research Klima)

Kl. 16.45: Slutt