""
Forskar Øyvind Heimset Larsen og redaktør for boka, Jon Gunnar Nesse

Boka Innovasjonsøkosystem gir læring om korleis eit distriktsområde kan utnytte ressursar og mulegheiter til å skape verdiar som gir grunnlag for å bu og arbeide der. Vestlandsforsking bidreg i seks kapittel i boka.

Aktuelt

Jon Gunnar Nesse, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, har redigert den nyleg lanserte boka som har fått namnet Innovasjonsøkosystem. - Med det meiner vi eit samarbeid i nettverk mellom tre hovudgrupper av aktørar, nemleg forskings- og utdanningsmiljø, offentlege styresmakter og bedrifter, seier Nesse.

Samarbeid i nettverk

Innovasjonsøkosystem bygger på undersøkingar av nettverk med ulik grad av suksess når det gjeld å «få humler til å fly». Forskarane har dessutan gjort undersøkingar blant ungdommar for å kartlegge karriereplanar, eldsjelfaktor og entreprenørlyst.

- Vi håpar våre tilrådingar til offentleg sektor, næringslivet og FoU-miljøa i eit ruralt innovasjonssystem, som vårt innovasjonsøkosystem, fører til at sterke aktørar tar andre roller enn tradisjonen tilseier for å få samarbeid til å fungere, seier Øyvind Heimset Larsen. Han er ein av forskarane ved Vestlandsforsking som har bidrege i boka.

Kven bør lese boka?

Boka eignar seg for alle med interesse for næringsutvikling, regional utvikling og ungdommar sine karriereval. Det vil seie personar tilknytte skular, høgskular og universitet (studentar, lærarar, forelesarar, forskarar) og personar som arbeider med politikkutforming og -gjennomføring (politikarar, tilsette i verkemiddelapparatet og administrativt tilsette i kommunar, fylke eller stat). Den eignar seg òg for andre aktørar knytte til verdikjedene i ulike bransjar (finansinstitusjonar, investorar, LO/NHO og andre organisasjonar i arbeidslivet).

Forskingsbasert kunnskap

Forskarane ved Vestlandsforsking som har bidrege til boka er Ingjerd Skogseid, Kristine Skarbø og Øyvind Heimset Larsen. Andre bidragsytarar er frå Høgskulen på Vestlandet (Sogndal), NTNU (Ålesund), NMBU (Ås), Koszalin University of Technology (Polen) og Hordaland fylkeskommune. Forordet er skrive av Tore Ulstein, president i NHO. 

Det er forsking utført på Forskningsrådet sitt 10-årige program «Verkemiddel for regional innovasjon (VRI)», som dannar grunnlag for Vestlandsforsking sine faglege bidrag til boka om nettverk, næringsutvikling, regional utvikling og ungdommar sine karriereval. VRI-prosjekta er utført i samarbeid over fleire år med Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Forskningsrådet og ei rekkje andre aktørar i Sogn og Fjordane og elles i landet.

Lenkje til prosjektsida for VRI Sogn og Fjordane 2011 - 2013 

http://www.vestforsk.no/nn/project/vri-sogn-og-fjordane-2011-2013

Lenkje til VRI-programmet i Forskingsrådet

https://www.forskningsradet.no/prognett-vri/Forside/1224529235249

Fagbokforlaget

Boka Innovasjonsøkosystem er no utgitt på Fagbokforlaget.

Lenkje til boka hjå Fagbokforlaget

https://www.fagbokforlaget.no/Innovasjonsøkosystem/I9788245017960

Kontaktpersonar

Jon Gunnar Nesse, Høgskulen på Vestlandet, tlf. 57676303, e-post: jon.nesse@hvl.no

Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking, tlf. 97106454, e-post: ohl@vestforsk.no