Til Hong Kong med forsking på kidsa som kodar

Forskarane Hilde G. Corneliussen og Lin Prøitz ved Vestlandsforsking var nyleg i Hong Kong for å snakke om kvifor det er så viktig for ungar, og ikkje minst jenter, å lære programmering.

Konferansen Understanding Global Digital Cultures ved Chinese University of Hong Kong samla rundt 90 IKT-forskarar frå heile verda. Forskarane Hilde G. Corneliussen og Lin Prøitz frå Vestlandsforsking la fram resultat frå forsking på «Kidsa kodar», ei internasjonalt bølgje av fritidsklubbar der ungar lærer grunnleggjande programmering. Ungane er vanlegvis i barneskulealder når dei startar og instruktørane er vanlegvis frivillige med ei interesse for IKT.

På kodeklubbane lærer ein nybyrjar til dømes korleis han kan få ein liten, gul katt på skjermen til å bykse til høgre eller venstre. Ved hjelp av koding kan barna lage interaktive forteljingar og enkle dataspel. Ved hjelp av litt meir avansert programmering, kan ungane styre rørslene til små robotar.

- Kvifor er det så viktig å kunne kode eller programmere?

- Vi omgir oss med datamaskiner, og samfunnet vårt er i stor grad avhengig av digital teknologi. Difor er det viktig at vi ikkje berre veit korleis vi skal bruke datamaskinene, men korleis dei fungerer, seier Corneliussen.

- Gjennom kodeklubbar lærar ungane å få datamaskinen til å gjere noko. Dei lærer å skape med teknologi og dei lærer å ta kontroll over teknologien. Blant dei vi har intervjua vert det å forstå korleis datateknologi fungerer omtala som ein føresetnad for å vere innbyggjar i det digitale samfunnet, seier Hilde G. Corneliussen.

Ein kultur for å dele ting på nettet ligg til grunn for aktiviteten i kodeklubbane nasjonalt og internasjonalt. Programvara som skal til er gratis og ligg på nettet, der barn og instruktørar kan laste ho ned. Ein treng verken spesialutstyr, dyre datamaskiner eller spisskompetanse, forklarer Corneliussen.

- Det handlar om å leike, og å lære om teknologi medan ein leikar, seier ho. Saman med forskarkollegaen har ho besøkt kodeklubbar for å studere aktiviteten i praksis. Her i fylket finst det mellom anna ein «Kidsa kodar» på Leikanger, og vi har fått nokre spørsmål frå utdanningsmiljø som ønskjer å lære meir om fenomenet.

Er jentene med?

«Eg utfordrar jenter i alle land til å lære ein time med koding», oppmodar Nobelprisvinnar Malala i ein video laga av den internasjonale organisasjonen Code.org.  Bodskapen til 17-åringen er viktig, for IT har lenge vore ein mannsbastion. Her i landet var kvinneandelen ved IT-utdanningane stigande fram til tidleg på nittitalet, men har falle sidan. Frå 2013 til 2015 var det ein liten oppgang i andelen jenter som hadde informasjonsteknologi som førsteval, frå 16 til 17,9 prosent. Kjønnsperspektivet er også grunnen til at dei to forskarane interesserer seg for temaet. Det er behov for ny kunnskap om kva som skal til for at jenter i dag skal interessere seg meir for IKT og velje IKT-utdanning.

- Viss kodeklubben kan bli ein arena der jenter kjenner seg heime og kan ha det moro med teknologi, kan det bidra til å gjere data til eit meir attraktivt val for jenter. Fleire røyster hevdar at programmering representerer viktig kunnskap for dagens samfunn, og er det slik, må ein aktivt gå inn for å inkludere jentene, seier Corneliussen.

Ho trur få kjenner til at kvinner faktisk har spela ei aktiv rolle i rundt programmering i IT-historia. Ho trekkjer fram at det var kvinner som fekk jobben med å programmere den fyrste elektroniske datamaskinen, ENIAC, og at fleire kvinner var sentrale innan utvikling av programmeringsspråk i tiåra etter andre verdskrig.

Eit anna lite kjend faktum er at ei britisk kvinne, Ada Lovelace, tenkte dei første kjende tankane om korleis ein kan programmere ei maskin til å gjere ulike ting.

- Det er altså ingen spesielle grunnar til at gutar og menn skal forstå datamaskiner betre enn jenter og kvinner, seier Corneliussen.

Skulefag i Storbritannia

Med forskinga Prøitz og Corneliussen har gjort så langt, har dei plassert spørsmålet om å få med jenter i den internasjonale og heimlege debatten om «Kids Code»-fenomenet. Enkelte stader i landet har skular prøvd ut programmering i timane, men koding er ikkje blitt skulefag. I Storbritannia vart programmering derimot eit fag for alle elevar hausten 2014. Estland har òg prøvd det ut som valfag.

- Digit-utvalet, som la fram ei utgreiing om hinder for digital verdiskaping i 2013, har kritisert den norske skulen for å ikkje lære ungar korleis datateknologi verkar. Ungar blir ikkje stimulerte til å forstå eller skape teknologi, berre til å bruke og reprodusere innhaldet, seier Corneliussen.

Seksåringar lagar appar

Ved sidan av konferansen fekk Corneliussen høve til å besøke ein lokal kodeklubb i Hong Kong. Til skilnad frå fritidsaktivitetane Corneliussen har studert i Noreg, var denne klubben driven på kommersiell basis, og verksemda sin administrerande direktør var ei 29 år gamal kvinne. Klubben tok imot om lag 80 ungar i alderen 6-14 kvar veke. I tillegg deltek kring 200 ungar på dei årlege sommarkursa i koding.

- Då eg var innom, heldt ei gruppe med ungar i alderen seks til åtte på med å lage appar til mobiltelefonane sine, fortel Corneliussen.

- Korleis blei føredraget ditt motteke på konferansen i Hong Kong?

- Dei kjende att mønsteret i det eg sa om Noreg. Også i Hong Kong, Sør-Afrika og Australia ser ein at det er om å gjere å starte tidleg med å rekruttere jenter og gje dei ei forståing for at teknologi er moro, seier Corneliussen.