Statens naturskadefond i Sogndal

Ti representantar frå styret i Statens naturskadefond var i Sogndal onsdag 16. september for å lære om forsking og utdanning knytt til klimatilpassing og naturskade.

Campus tel i dag rundt rekna 30 forskings- og undervisningsstillingar knytt til klimaendringar, og det samla fagmiljøet opplever stor pågang frå nasjonale nøkkelinstitusjonar som vitjar området for å lære om FoU-aktivitet og om naturskadehendingar i fylket. Seinast 8.september var NVE sitt FoU-utval i Sogndal for å møte fagmiljøet på Campus innan klima og miljø. Delegasjonen som kom 16.september omfatta styret i Statens naturskadefond og representantar frå administrasjonen og ankenemnda.

La fram ferske funn
Dei ti besøkande fekk innsikt i ferske forskingsresultat og i to nye studium på området, og fekk høve til å drøfte problemstillingar av felles interesse med forskarane. Forskingsleiar for klima og miljø, Carlo Aall, gjekk gjennom hovudfunna frå det nyleg avslutta prosjektet Arealklim, der forskarane gjennom studiar av historiske skred- og flaumhendingar peika på at dårleg planlegging er ein større årsak til naturskade enn dårleg vêr. Aall la også fram nye berekningar om kva det kostar norske kommunar å investere i førebygging etter naturskadehendingar, set opp mot berre å reparere det som er blitt øydelagt. Også doktorgradsarbeidet til stipendiat Kyrre Groven innan overvasshandtering i norske kommunar vart lagt fram.

Startar opp nye utdanningar
Vestlandsforsking sin næraste nabo og samarbeidspartnar, Høgskulen i Sogn og Fjordane, startar i haust opp ei ny vidareutdanning i klimatilpassing i arealplanlegging. Eli Heiberg frå Avdeling for ingeniør- og naturfag forklarte innhaldet og intensjonen bak dette studiet. Vidareutdanninga fyller eit stort behov for fagleg påfyll knytt til klimaendringar blant landets mange kommuneplanleggjarar. Studiet inngår òg som ein del av den planlagde masterutdanninga i klimaplanlegging, som etter planen startar opp hausten 2016. Førsteamanuensis Tarald Seldal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gav gjestene frå Statens naturskadefond eit innblikk i det faglege spennet i masterutdanninga. Vestlandsforsking skal bidra med førelesarar som eitt av fleire fagmiljø.

- Eg håpar utdanningsdepartementet gir dykk dei studieplassane de har søkt om. Kompetanse er ei heilt grunnleggjande føresetnad for alle som skal arbeide med dette i framtida, sa styreleiar i Statens naturskadefond, Bror Yngve Rahm, som har bakgrunn frå Stortinget og har vore leiar for energi- og miljøkomiteen.

I tillegg til møtet med Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, ser Statens naturskadefond på skadar og gjenoppbygging i bygdene Flåm og Lærdal som vart hardt råka av flaum i oktober 2014.

Program og foredrag