Konferanse om digital kompetanse i alle fag

IT-Forum oppvekst og utdanning er ein årleg konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst- og utdanningssektoren i fylket. Årets konferanse blir arrangert 1. og 2. desember og målet med samlinga er å dele erfaring og kompetanse mellom regionane i fylket.

Konferansen finn stad på Fosshaugane Campus torsdag 1. og fredag 2. desember. Program og påmelding finn du på IT-forum sine sider.

NB! Påmeldingsfrist fredag 27.11 kl. 12.00.