Store innsparingar ved bruk av videomøte

Gjennom prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” (KxG), finansiert av m.a. Transnova-programmet, har dei tre partnarane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Lotteri- og stiftelsestilsynet dokumentert følgjande innsparingar:

•    37 000 kg CO2 som følgje av reduksjon i tenestereiser
•    kr 660 000,- i sparte reiseutgifter
•    2 100 timar spart arbeidstid

Ved ei systematisk satsing på bruk av videomøte som erstatning for fysiske møte, forankra på leiarnivå, har dei tre organisasjonane kunna visa til store innsparingar både på miljø- og økonomi-sida. Saman med Innvasjon Norge Sogn og Fjordane og Teknologirådet gjennomførte dei fem partnarane eit prosjekt for auka bruk av videomøte og nettoverføringar (nett-tv, streaming) i 2011. Prosjektet vart leia av Vestlandsforsking og Transnova-programmet stod for hovudfinansieringa.

KxG-prosjektet var også sentralt for Distriktssenteret sitt arbeid for å kartleggja faktorar som hemmar eller fremjar bruken av videomøte og nettoverføring. Dei to prosjekta har vore gjennomførte side ved side med dei same forskarane ved Vestlandsforsking.

Rapporten til Distriktssenteret tek opp erfaringane frå KxG-prosjektet og rår til at styresmaktene set i gang eit meir systematisk arbeid for å ta ut større gevinstar av desse teknologiane. Auka bruk av  video-møte og nettoverføring har eit stort potensial for innsparing både for miljø og økonomi, i tillegg til at det er ein viktig kunnskapsfremjande teknologi. Men undersøkinga Vestlandsforsking har gjennomført viser at lite av dette potensialet er teke ut, og at det utan ei målretta satsing vil ta lang tid å realisera store delar av det.

 

BT, 22.02.2012: Så lett sparte hun 670.000 kroner