Kan nye bussar føre til auka utslepp?
Det har vore vanleg praksis å krevje innkjøp av nye bussar når ein ny anbodsperiode for kollektivtransport med buss startar. Nye bussar har vore rekna som meir klimavenlege enn brukte. Ei studie frå Vestlandsforsking syner derimot at ein får mindre samla utslepp av klimagassar om bussar vert brukte i to anbodsperiodar i staden for ein.

Studien er utført på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Analysane tek omsyn til utslepp frå produksjon og vedlikehald av bussen i tillegg til utslepp frå bruken av han. Føresetnaden for analysane er at nye bussar vert skrota etter bruk i ein anbodsperiode på sju eller ni år.
Studien syner òg at strengare utsleppskrav til gassar med lokale verknader på helse og miljø kan auke vekta på bussen og dermed auka drivstofforbruket. Dette vil gje høgare utslepp av klimagassen CO2 trass i lågare lokale utslepp av gassar som NOx. Om ein samanliknar bussar med same storleik, passasjertal og køyremønster vil ein buss bygd etter utsleppsstandarden "EURO V" som vart innført i 2008 bruke om lag 1 desiliter diesel meir pr mil enn enn ein buss bygd før tusenårsskiftet etter utsleppsstandarden "EURO II".
Vestlandsforsking har analysert samansetting av ein bussflåte på 50 bussar sett inn i tre ulike ruter, ei kort rute på 30 km, ei middels rute på 100 km og ei lang rute på 250 km. Analysane syner at ein kan spare 4 200 tonn CO2-ekvivalentar over heile anbodsperioden om alle bussar vert brukte éin anbodsperiode til framfor å kjøpe nye. Om ein vel 40% brukte bussar er utsleppsreduksjonen utrekna til 1 600 tonn CO2-ekvivalentar for heile perioden. Den største reduksjonen finn ein på dei kortaste rutene. Til samanlikning har Fjord1 som driv busstransport i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane om lag 350 bussar.