Revolusjon og sosiale media

I kjølvatnet av oppstanden i Tunisia og Egypt har det oppstått ein diskusjon om kva rolle sosiale media som Twitter og Facebook eigentleg har hatt.

 

Media er underordna
Malcolm Gladwell, kjend forfattar og spaltist, skriv i The New Yorker at betydninga av sosiale media er kraftig overvurdert (”Does Egypt Need Twitter?”). Han meiner det blir heilt feil å setja søkjelyset på media og ikkje på innhaldet. Han viser til at revolusjonar har skjedd lenge før Twitter og Facebook, og at det er ei heilt anna organisering og eit anna mot som må til for å gjennomføra slike opprør. Media er uinteressant:

Surely the least interesting fact about them is that some of the protesters may (or may not) have at one point or another employed some of the tools of the new media to communicate with one another. Please. People protested and brought down governments before Facebook was invented. They did it before the Internet came along.

Han viser til at dei sosiale media først og fremst er svake koplingar ("weak ties"), medan høg-risikoaksjonar som dei me ser i Tunisia og Egypte krev djupe røter og sterke band mellom deltakarane.

Svake koplingar kan bli sterke
Men Gladwell får motbør frå mange. Professor i sosiologi, Zeynep Tufekci, framhevar at poenget er ikkje at verktøy som Twitter og Facebook lagar revolusjon i verkeleg forstand. Det dei er gode til, er å kopla saman mange folk på ein enkel og rask måte. Det er det som er den verkelege krafta i sosiale medium: billeg og rask sanntidskommunikasjon.

Han siterer også sosiologen Mark Granovetter som i ein kjend artikkel frå 1970 syner korleis svake koplingar kan bli sterke:

New movements that can bring about global social change will still require people who interact with each other regularly, and trust and depend on each other in somewhat dense networks. Our only hope is if those networks span the globe in a tightly-knit, broad web of activity, interaction, personalization. Real change will come only if we can make friends we care about everywhere and we make bridge ties that cover the world in a web of common humanity.

Merk at dette var skrive i 1970, lenge før dagens Internett og web.

Desse verktøya kan gjera utslag som resulterer i "the tipping point" i dei aksjonane me har sett i det siste. Ironisk nok har Malcolm Gladwell nettopp skrive ei bok med tittelen "The Tipping Point – How Little Things Make a Big Difference"..

CNN har også via sosiale media mykje merksemd i dekkinga av Egypt-opprøret. I dette panelet, med tittelen "This Revolution Will Be Tweeted" diskuterer dei rollen til Twitter og Facebook.

Det faktum at myndigheitene i Egypt raskt prøvde å stengja all Internett-tilgang er vel også eit klart uttrykk for kor viktig nettet er.

Det var ein liknande diskusjon etter oppstanden i Iran for eit par år sidan, sjå også blogginnlegg om den saka. Også der fekk sosiale media stor merksemd, og også ein god del kritiske kommentarar.

Både overvurdert og undervurdert?
Kanskje er det slik at sosiale medium både blir overvurderte og undervurderte. Det er lett å sjå seg blind på dei elektroniske hjelpemidla og gløyma den viktige delen av slike opprør: fysisk motstand gjennom oppmøte og vilje til å risikera eige liv. Men på same tida er det kanskje lett å undervurdera krafta i dei nye verktøya og kor mykje lettare det er å organisera store massar gjennom dei.