Revolusjonen blir tagga

Oppstanden i Iran etter valet nyleg har gjort den sosiale veven vaksen. Framfor alt er det tenesta Twitter som står fram som ein av dei viktigaste kanalane for informasjon ut og inn i landet.

Dei siste par åras nettutvikling kan i grunnen kjapt oppsummerast med fenomena Facebook og Twitter. Der 2008 var det store Facebook-året, blir 2009 det store Twitter-året. Den sosiale veven, web 2.0, som kanskje først og fremst vart symbolisert med bloggen, kan knapt overvurderast i nettsamanheng. Men det store spørsmålet er: har den nokon påverknad ut over nettet - kort sagt: har den politisk makt og kraft?

Twitter - det enkle er ofte det beste
Twitter som teneste er veldig enkel: det er sms for nettet. Du kan senda meldingar på maks. 140 teikn, og meldingane når dei som følgjer deg. Til meir du kvitrar, til fleire følgjarar får du vanlegvis og til fleire du sjølv følgjer, til fleire vil følga deg. Tenesta skil seg frå Facebook ved at den er opnare, og at all kommunikasjon føregår i sanntid. I tillegg er Twitter sterk på søk, og ved bruk av spesielle emneord (hashtag på Twitter-språk), kan du få opp alle meldingar som gjeld ei  spesiell sak, t.d. #iranelection.

Twitter vart vaksen
Oppstanden i Iran har på mange måtar vore hendinga som gjorde Twitter vaksen. Der tenesta først og fremst har fungert som ein artig, digital selskapsleik med utveksling av tankar og lenker, har den med eitt vorte kanskje den viktigaste informasjonskanalen for dei modige menneska i Iran. Det er særleg via Twitter informasjon kjem ut frå Iran og inn i landet. Kor viktig Twitter er for informasjonsflyten i Iran viste seg søndag kveld då utanriksdepartementet i USA ba om at den planlagde stenginga av Twitter for vedlikehald, vart utsett.

Twitter-brukarar har også vorte oppmoda om å endra lokaliserings-informasjon i profilane sine for å forvirra sensur-regimet. Mange Twitter-brukarar oppgir no ein stad i Iran som heimstaden sin. Sjølv er eg lokalisert i byen Isfahan for tida :) 

Hitchcocks "Fuglane"
Styresmaktene i Iran prøvde raskt å knebla demonstrantane ved å strupa nett-tilgangen. I totalitære regime, som Iran må reknast som, er sensur heilt avgjerande for å halda makta konsentrert. Twitter har vist seg veldig vanskeleg å kontrollera, og grunnen er den genialt enkle arkitekturen som tillet mange kanalar ut og mange inn. I tillegg er Twitter vidope slik at kven som helst kan laga sine eigne tillegg og byggja vidare. For styresmaktene må Twitter fortona seg som fuglane i Hitchcocks berømte film: det kvitrar over alt og det er umuleg å stoppa.

Iran er eit spesielt land i nettsamanheng fordi utdanningsnivået er høgt og it-kunnskapane gode samanlikna med dei fleste andre arabiske land. Iran har t.d. hatt ein av dei største bloggsamfunna rekna etter folketalet. Dette er sjølvsagt viktig for å forstå Twitter-fenomenet.

Som Hege Ulstein i Dagsavisen seier, forstår me kanskje best potensialet i eit slikt verktøy viss me tenkjer oss at tamilane på Sri Lanka hadde hatt tilsvarande mulegheiter og kunne ha formidla bilete og meldingar frå nedslaktinga som skjedde der.

På følgjande lenk får du opp meldingar på Twitter merka med #iranelection.

Som god forskar bør eg også nemna at det er dei som meiner Twitter si rolle her er overdriven, sjå denne diskusjonen mellom prof. Clay Shirky og forfattaren Howard Weaver.