Ledig stilling: Gruppeleiar reiselivsforsking

Senter for geoturisme og berekraftig reiseliv i Sogndal søker etter gruppeleiar. Gruppeleiaren skal m.a.

  • vere med på å utvikle senteret til å bli Norges leiande forskingsmiljø på området berekraftig reiseliv og geoturisme
  • bidra til forskingsaktivitet ved senteret
  • ha det administrative ansvaret for koordinering av forskinga
  • initiere og utvikle kontakt med regionale og nasjonale reiselivsinteresser, organisasjonar og-partnarar.

Du vil arbeide i nært samarbeid med vår forskingskoordinator Stefan Gössling ved senteret og direktør ved Vestlandsforsking Agnes Landstad.

Stillinga er eit 3-års engasjement finansiert av Nærings- og handelsdepartementet og er oppretta for å utvikle kunnskap om kva som skal til for å implementere Norges nye reiselivsstrategi for eit berekraftig reiseliv.  Etter engasjementsperioden kan det forhandlast om vidare engasjement.  Søkaren må ha forskingskompetanse (fortrinnsvis PhD) innan reiseliv/berekraftig reiseliv.

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar merkast ”Søknad gruppeleiar reiseliv” og sendast til post@vestforsk.no

Søknadsfrist: 01.03.08

Spørsmål kan rettast til Agnes Landstad på tlf. +47 915 46 610 eller e-post: ala@vestforsk.no

Meir om Senter for geoturisme og berekraftig reiseliv