Klima 21-utvalet: Norsk klimaforsking må styrkast

Klima 21-utvalet meiner at norsk klimaforsking må styrkast med ein milliard kroner innan 2015 og at Statsministeren bør opprette eit klimavitskapleg råd for dialog mellom politikarar og forskarar.

Det regjeringsoppnevnte Klima21-utvalet som har hatt som oppgåve å utvikle ein ny nasjonal strategi for klimaforskinga, overleverte 2.februar sin rapport til forskings- og utdanningsminister Tora Aasland. Utvalet, som har vore leia av Siri Hatlen, meiner at norsk klimaforsking i dag framstår som fragmentert og underfinansiert og med uforutsigbare rammebetingelsar.

Vestlandsforsking har leia ei av arbeidsgruppene under Klima 21 og har vore med og utgreidd underlaget for utvalet. M.a. er behovet for å auke den samfunnsvitskaplege andelen i klimaforskinga løfta fram av utvalet. Behovet for meir kunnskap om korleis redusere klimautslepp frå forbruk, som vi også meiner er sentralt, er derimot ikkje følgd opp av utvalet.

Anbefalingane frå Klima 21