Internasjonalt samarbeid om lokal klimatilpassing

ClimaticSwirlFive

Lokal klimatilpassing blir sett på dagsorden i det offentlege Sogn og Fjordane gjennom det internasjonale samarbeidsprosjektet Clim-ATIC. Prosjektet skal vise korleis lokale og regionale styresmakter, gitt dagens kunnskapsstatus, kan gjennomføre analysar av klimasårbarheit og utvikle strategiar for klimatilpassing.

Gjennom prosjektet skal tre offentlege aktørar - Flora kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – sjå på tilpassingsbehov og -tiltak i lag med forskarar ved Vestlandsforsking og resten av det internasjonale nettverket i Clim-ATIC. Prosjektet tek spesielt fatt i felta beredskap, energi, transport og reiseliv. Eit knippe demonstrasjonsprosjekt skal vise korleis lokal klimatilpassing kan gå føre seg i praksis.

Stort prosjekt
Clim-ATIC er eit samarbeid med aktørar frå Grønland, Sverige, Skottland, og Finland. Prosjektnamnet står for “Climate Change — Adapting to The Impacts, by Communities in Northern Peripheral Regions”. Det er EU som saman med deltakarlanda finansierer det treårige prosjektet. Budsjettet er på 20 millionar kroner fordelt på 3 år og 5 land. Clim-ATIC er det einaste europeiske samarbeidsprosjektet om lokal klimatilpassing med deltakarar i Noreg.

Varsling av naturhendingar
Flora kommune sitt fokus i prosjektet er utvikling av ein lokal tilpassingsplan, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune har fokus på regionalt nivå gjennom arbeidet med fylkesdelplan for klima og miljø. For Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er det mest konkrete målet med prosjektarbeidet å utvikle et demonstrasjonsprosjekt knytt til mobile løysingar for varsling av naturhendingar, til dømes skred og flaum.

Kurs- og opplæringssenter
Innan utgangen av 2010 skal kvart av deltakarlanda i Clim-ATIC vere i gang med å etablere eit kurs- og opplæringssenter for lokal klimatilpassing, retta mot lokale aktørar som har behov for slik kunnskap. Prosjektet er alt i dialog med Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten om å utvikle museet til det norske opplæringssenteret. Mulige målgrupper for denne tenesta er lokalsamfunn, lokalt næringsliv og lokale styresmakter.

Les meir om prosjektet på www.clim-atic.org

Kontaktpersonar: Prosjektleiar Carlo Aall, caa@vestforsk.no og forskar  Idun Husabø Anderssen, iha@vestforsk.no