Balestrand Summit 31. mai - 1. juni 2010

Kva veg kan eit berekraftig reiseliv ta i Norge? Scenarier som inspirasjon for norsk reiselivspolitikk

Vi minner om den tredje Balestrand Summit, årets viktigaste dialogkonferanse om berekraftig reiseliv.

Tidspunktet er 31. mai - 1. juni og staden er Kviknes hotel, Balestrand.

Reiselivspolitikk er årets tema. Vi tek opp att tråden frå fjorårets samling, der reiselivsnæringa sa klart og tydeleg at myndigheitsinvolvering er ein premiss for berekraftig reiseliv i Norge. I paneldebatt ynskjer vi å utfordre næring og det offentlege på kva som må til.

Korleis vil eit norsk berekraftig reiseliv sjå ut i framtida? Scenarier for eit berekraftig reiseliv i Norge 2025 er under arbeid og du vil få høvet til å seie di meining om framtidig norsk reiseliv.

Balestrand er den tredje dialogkonferansen for berekraftig reiseliv. Som deltakar får du presentert nytt frå forskinga, delta i ein dialog om berekraftig reiseliv og i workshops om aktuelle utfordringar. I år legg vi opp til ei minimesse der mellom anna sertifiseringsordningane Norsk Økoturisme og Miljøfyrtårn og ISO vil vere tilstades. Du får også treffe lokalprodusentar av mat og drikke, og i tillegg det økologiske gjestehuset i Sogn, ”Frøys Hus” i Fresvik.

Les meir om Balestrand Summit 2009 her

Programmet vert lagt ut på www.vestforsk.no så snart det er klart, med påmeldingsfrist 1. mai 2010.

Praktisk info

Set av datoen

- velkomen til Balestrand!