Balestrand Summit 2009 - Kort oppsummering

Over 100 personar var samla på Kviknes Hotel i Balestrand 25.-26. mai for å høyre meir om berekraftig reiseliv og lønsemd. Politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet Fride Solbakken var ein dei som opna konferansen med å seie noko om utfordringane for eit berekraftig reiseliv.

Programmet var fylt med innlegg frå politikarar, sentrale leiarar i reiselivet og det vart presentert nye funn frå forsking på berekraftig reiseliv. Mange kom også for å høyre korleis skidestinasjonen Whistler i Canada arbeider mot eit berekraftig reiseliv, strategien til det finske flyselskapet Finnair for å minske klimautslepp og korleis den verdsomspennande hotellkjeda Hilton klarar å redusere miljøbelastninga i over 3000 hotell.

Konferansen vart avslutta av medlem av Energi- og miljøkomiteen, Erling Sande (Sp) og nestleiar i Stortingets næringkomité, Gunvor Eldegard (Ap) som begge kommenterte kva utfordringar pågåande klimaforhandlingar kan gje reiselivet.

Foredraga frå konferansen vil bli lagt ut etter kvart.

Bilete frå konferansen

Presseklipp:

NRK Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane

Sogn Avis