Skal fikse kjønnsbalansen i innovasjonsprosjekt

""
«Girl Geek Dinners Førde» - ein uformell møteplass for teknologinteresserte kvinner. Foto: Anne Mette Hjelle

Innovasjon vert ofte knytt til samfunnsutvikling, men likevel er det få kvinner som deltek i innovasjonsprosjekt. Det nye prosjektet "Kvinneløftet FixIT" skal bidra til å auke deltaking frå kvinner i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Aktuelt

Med Vestlandsforsking i leiinga er det ei stor gruppe som samarbeider om målet. Teknoløft Sogn og Fjordane, som er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking, er eit av innovasjonsprosjekta der kvinner no skal løftast fram.

- "Det er generelt få kvinner som deltek i innovasjon, særleg i teknologirelaterte prosjekt", seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking, som er svært glad for å kunne vere med å gjere noko med dette gjennom Kvinneløftet FixIT. - "Eg har jobba med tema som dette i meir enn 20 år, men oftast i forsking, og sjeldan i prosjekt som har vore so retta mot handling og å skape endring som det FixIT skal vere. Det er kjekt", seier ho.

Ho understrekar at samarbeidspartnarane som er med i prosjektet er sentrale for den gode mottakinga hjå Forskingsrådet, som finansierar prosjektet. I tillegg til Vestlandsforsking og HVL er nemleg IT-forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge deltakarar, saman med kvinnenettverka Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for "kvinner i tech" med avdeling Bergen.

Ein "balansekompetanse"-pakke

FixIT skal først og fremst styrke kvinner si deltaking i innovasjonsprosjekta som er knytt til Forskningsrådet sitt program FORREGION, som skal mobilisere næringslivet til forskingsbasert innovasjon.

- "Den låge kvinnedeltakinga i programmet reflekterer innovasjonsprosjekt generelt, særleg fordi innovasjon ofte vert knytt til teknologiutvikling, som er eit fagfelt der kvinner utgjer eit mindretal", seier Gilda Seddighi, som er ein av ekspertane på temaet ved Vestlandsforsking. "På eit vis er dette eit paradoks", seier Seddighi, "sidan forsking har vist at eit meir balansert miljø der også kvinner deltek, gir gevinstar." FixIT skal utvikle ein "balansekompetanse"-pakke som skal gje verksemder opplæring i korleis ein kan tenkje og handle for å få fleire kvinner med på laget.

- "Innovasjon er ei viktig drivkraft for økonomisk vekst og samfunnsutvikling, og vi ser fram til at dette nye prosjektet skal bidra med både kurs og anna aktivitet for å auke kunnskapen vår omkring kvinner si deltaking", seier forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Ivar Petter Grøtte.

Ynskjer prosjektet velkomen

- "Det er viktig at begge kjønn er med på å utvikle løysingar som både menn og kvinner skal bruke på ein god måte. Då er det viktig å støtte opp om nettverk som inkluderer kvinner, dele kunnskap og få kvinner til å velje IT-utdanning og IT-jobbar. I tillegg er det viktig å spreie forståing for teknologi og drivarane bak til alle, uansett yrke". Dette seier Anne-Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør ved Lotteri og stiftelsestilsynet og leiar for IT-forum Sogn og Fjordane, som er ein av deltakarane i prosjektet.

Også prosjektleiar for Teknoløft Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø, gleder seg over at Kvinneløftet FixIT no vert ein realitet:

- "Det er flott for Teknoløft Sogn og Fjordane og dei andre innovasjonsprosjekta i regionen at dei får støtte frå FixIT til å sjå nærare på korleis fleire kvinner kan rekrutterast og involverast, særleg i teknologi- og IT-utvikling. Det er viktig at prosjekta saman kan motivere fleire jenter til å velgje teknologi- og IT-utdanning i regionen", seier Kyrkjebø.

Bygger på kunnskap om kvinner i teknologi-karrierar

Kvinneløftet FixIT skal bygge på kunnskap om kvinner i teknologirelaterte karrierar og FoU-verksemd i Sogn og Fjordane som er etablert ved Vestlandsforsking. Her er det særleg Nordwit, eit "Nordic Centre of Excellence" finansiert av Nordforsk, som har bidratt til å sette kvinner, teknologi og innovasjon på agendaen.

FORREGION – eit program for å styrke regionalt næringsliv

Forskningsrådet sitt FORREGION-program har som mål å styrke forskings- og utdanningsinstitusjonar på felt som er viktige for det regionale næringslivet, og å auke verksemder sin bruk av forsking i innovasjonsarbeid. Dei to store FORREGION-prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og KABIS i Hordaland deltek begge i FixIT.