Verdien av urørt natur for reiselivet

""
Torkjel K. Solbraa presenterer prosjektet

Ei kartlegging av reiselivsinteresser i ferdig behandla konsesjonssaker viser at reiseliv i liten grad blir tematisert. Vestlandsforsking har utført studien på oppdrag frå NCE Tourism.

Aktuelt

Verdisetting av det naturbaserte reiselivet

Bakgrunnen for dette innleiande forskingsprosjektet er eit ønskje frå reiselivsinteresser om utforsking av metodar for å få fram verdiane i det naturbaserte reiselivet i samband med utbyggingar i norsk natur, for eksempel ved kraftutbygging.

Berre frå dei fire vestlandsfylka ligg det per desember 2017 litt over 150 saker knytt til energiutbygging og tiltak i vassdrag til behandling hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Frå same geografiske område er det over 2300 ferdigbehandla saker. Sjølv om mange saker får avslag og enkelte planar ikkje blir realiserte, vitnar desse tala om at det allereie er utført, og at det kjem til å bli utført, utbyggingar i naturområde som er av stor verdi for norsk reiselivsnæring.

Rapporten som no er publisert tek for seg ein innleiande kartlegging av reiselivsinteresser i ferdig behandla konsesjonssaker hos NVE.

Reiseliv blir i liten grad tematisert

I konsesjonssaker er det forventningar til tiltakshavar om utgreiing av konkurrerande interesser. Dette kan være friluftsinteresser, sårbare eller sjeldne naturtypar, reiselivsinteresser eller anna. Saksbehandlinga legg også til rette for at ulike interesser kan kome med høyringsuttalar, enten det er innspel som er positive til utbygging, negative til utbygging, eller påpeiking av feil eller mangelfull konsekvensutredning.

Undersøkinga av korleis reiselivsinteresser kjem til syne i konsesjonssaker viser at reiseliv i liten grad blir tematisert. Ein sannsynleg grunn til dette er at reiselivet manglar metodar for å fange opp konsesjonssakene. Argumentasjon om reiselivsaktivitet er det ofte andre enn reiselivsaktørane som har, deriblant Fylkesmannen, Fylkeskommunen, kommune og lokale turlag.

Eit anna funn er at det synes vanskeleg, både for tiltakshavar og i høyringsuttalar, å forholde seg til potensialet for reiselivsaktivitet, eller endringar i Fjord-Norges image som resultat av utbyggingar i norsk natur. I den grad reiseliv blir utgreidd av tiltakshavar, er det ved å vise til eksisterande aktivitet.

I rapporten vert det skilt mellom vindkraftsaker, større vasskraftsaker og små kraftsaker. Reiselivsinteressene er meir synlege i større vasskraftsaker og vindkraftsaker, og mindre i dei små. Det er også i liten grad peika på sumvirkninger av mange små utbyggingar frå reiselivets side.

Gi råd til vidare arbeid

Rapporten gir råd om prioritering av vidare arbeid. Den er utarbeida av Vestlandsforsking på oppdrag frå NCE Tourism Fjord Norway.

VF-rapport 1/2018: Verdsetting av naturbasert reiseliv