Utvikling av reiselivet i Fjærland

""
Bokbyen i Fjærland

Utvikling av reiselivet i Fjærland er målet i eit nytt prosjekt der lokale verksemder samarbeider med forskarar for å få fram ny kunnskap om kva som kan gjerast. Eit viktig mål er å få fart på bokbyen.

Aktuelt

Fjærland er blant Norges flottaste reisemål, og er kjent for brear, bremuseum og bokby ved fjorden. Dei fleste bedriftene i bygda sitt reiseliv er små, og no etterspør dei påfyll av kunnskap for å takle nye trendar og kunne ta imot nye grupper av reisande på ein god måte. Innteninga kunne òg ha vore betre, og særleg bokbyen har stort behov for å få fart på omsetnaden. Prosjektet har difor fått namnet Bre, fjord og gamle bøker: Kunnskap for å snu bokdød i Fjærland.

 Ein ny moglegheit til samarbeid

Det første møtet i prosjektet med lokale reiselivsaktørar og forskarane fann stad i Fjærland 4. mai. Deltakarane i Fjærland er Den norske bokbyen AS, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjærland Guiding, Joker-butikken og Fjærland Fjordstove Hotel & Restaurant. Dei lokale deltakarane uttrykte på møtet at prosjektet er ein ny moglegheit til samarbeid og til utvikling av bygda sitt reiselivspotensial. Kunnskapen skal òg bli brukt til å motverke feilsatsingar.

Tilpassa turisttilbod

I løpet av sommaren skal forskarane ta kontakt med innbyggarar og turistar for å få betre forståing for forholdet mellom forventningar og det eksisterande reiselivstilbodet i Fjærland.

– Vi skal utvikle ein metode for tilpassing av det lokale tilbodet til turistane sine behov, fortel Anna Maria Urbaniak-Brekke ved Vestlandsforsking. Forskarane håpar å stable på beina eit større prosjekt der dei kan bruke metoden sin på andre turiststader elles i regionen, i landet og utanfor Norge.

Vestlandsforsking med i oppstarten av bokbyen

Marit Orheim Mauritzen, som var direktøren ved Vestlandsforsking i åra 1997-2005, var sentral i skipinga av bokbyen i 1995. I 1990-åra leia Vestlandsforsking eit EU-prosjekt  eit EU-prosjekt som leidde til etableringa av eit internasjonalt nettverk av bokbyar. Det internasjonale nettverket framleis aktivt, og har ei nettside. http://www.booktown.net/index.html].

Forsking som verkemiddel for regional innovasjon

Forprosjektet er finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, VRI4 (Verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon) og Norges Forskningsråd og skal gå fram til oktober 2018. Støttebeløpet er 140.000 kr. Målet med VRI4 er å få fleire bedrifter og nettverk til å setje i gong med utviklingsarbeid som krev FoU.