Profilering og sal av småskala aktivitets- og opplevingstilbod i Aurland kommune

Notat
Id:
notat 2006-7

Aurland natur- og kulturarv (ANKA) og Fjordbui opplever utfordringar i å nå fram til aktuelle kundar og oppnå eit tilstrekkeleg stort sal av småskala aktivitets- og opplevingstilbod (AO-tilbod).

Vestlandsforsking er bedt om å bidra til å finne løysingar på dette. Arbeidet har vore gjennomført som ein utviklingsprosess med både oppdragsgjevarane, deira medlemmer, andre reiselivsorganisasjonar og –bedrifter, og forskarane som aktive deltakarar. Denne prosessen er kalla Fjordbuiprosessen, og har vore ein viktig arena for utvikling av samarbeidet mellom aktørane.

Fleire modellar for samarbeid er drøfta: det er trong for eit felles fora mellom dei ulike reiselivsaktørane for erfaringsutveksling, produktpresentasjon, marknadstilpassing og strategiutvikling for reisemålet som heilskap. Vidare har Fjordbui trong for å nytte dei etablerte skrankane hos overnattingsverksemder og turistinformasjonen til profilering og sal av AO-produkt. I den samanheng har Vestlandsforsking peikt på behovet for å utvide eigarskapen til Fjordbui.

Det er også fokusert på trongen for ei koordinering og samordning mellom Fjordbui og Reiselivslaget, m.a. i forhold til planane om å utvikle kulturnett, ei profilering av kulturtilbod på Internett mot turistar og reisande. I forhold til starttidspunktet for prosessen, februar 2005, har det skjedd store endringar i organisering, tematiske satsingar og samarbeid mellom aktørane: hausten 2005 vart Fjordbui ein del av Aurland Ressursutvikling, og småskalatilbydarane samarbeider no med Reiselivslaget gjennom konseptet Aurland natur- og kulturpark.