Idun A. Husabø

Stillingstittel

Forskar

Tilsett

2006

Vedlagt CV

Arbeidsfelt

  • Lokal klimapolitikk og klimatilpassing
  • Samfunnstryggleik og klimasårbarheit

Profil

Idun A. Husabø har graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London, med spesielt fokus på Kina. Ho er frå før cand.mag. i samfunnsvitskap med faga samanliknande politikk, historie og engelsk frå Universitetet i Bergen, og har i tillegg faget Conflict, Mediation and Dialogue frå Høgskolen i Oslo.

Idun vart tilsett som trainee ved Vestlandsforsking hausten 2006, og er no forskar III. Ho har bakgrunn frå NRK, og var i 2004-5 i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College.

Idun forskar for tida på lokal klimasårbarheit, samfunnstryggleik og tilpassing til klimaendringar. Ho deltek i EU-prosjektet HOPE, der målet er å forske på korleis hushaldningar kan redusere energibruken sin.

Sidan 2014 har Husabø arbeidd med forskingsformidling for Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane.