Torunn G.
Hønsi
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
Dr.scient.
Telefon:
Tilsett:
17.08.2015

Torunn har hovudfag i molekylær cellebiologi frå NTNU og er dr. scient i økotoksikologi frå Universitetet i Oslo. I doktorgradsavhandlinga utvikla ho og implementerte ulike cellulære biomarkørar, for å påvise tidlege toksiske effektar av miljøgifter i jord.

Ho har arbeidd ved Folkehelseinstituttet med klassifisering/merking av kjemikaliar, undervist i naturfag på Luster vidaregåande skule og i cellebiologi, fysiologi og genetikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har vore driftssjef for SIMAS (Sogn interkommunale avfallsselskap) og jobba med ureiningstilsyn og rettleiing av kommunar i ureiningssaker ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Torunn har særskilt interesse for FOU prosjekt innan berekraftig bruk av ressursar og avfall (sirkulær økonomi), grønt og berekraftig næringsliv og korleis klimaendringar kan påverke utslepp og giftigheit av miljøgifter og ureining.