Carlo
Aall
tilsett
Stillingstittel:
Forskingsleiar
Akademisk tittel:
Professor
Telefon:

Carlo er utdanna naturforvaltar ved dåverande Norges landbrukshøgskule (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) i 1987, og har tatt doktorgrad ved Universitetet i Aalborg i 2002. Tittelen på avhandlinga var "Forandring som forandrer? Fra miljøvernpolitikk til bærekraftig utvikling i norske kommuner". Han har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 1990, sidan 1999 også som gruppeleiar. I 2006 overtok han rolla som forskingsleiar. Carlo har tidlegare arbeidd som miljøvernleiar i Ølen kommune (1988-90) og har sidan 1996 vore involvert i ei reiselivsverksemd i Leikanger som satsar på lokal og økologisk mat (Henjatunet Gardskjøken). Arbeidet på Vestlandsforsking har omfatta prosjektleiing for ei rad større forskingsrådsfinansierte prosjekt; fleire av dei med internasjonalt samarbeid mellom andre forskarar. Arbeidet har også vore retta inn mot utviklingsforsøk innafor lokalt miljøvern og berekraftig reiseliv.

I 2012 vart Aall tilkjent professorkompetanse i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet.

Frå 1 september 2016 er Carlo tilsett i 20 prosent stilling som professor II i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, der han tar del i undervisninga ved Master i Climate Change management