Rapport
Id:
2005-2

I samband med at Norge.no overtok ansvaret for systemet LivsIT 1.1.2005, vart det sett ned to arbeidsgrupper. Vestlandsforsking fekk i oppdrag å leia ei arbeidsgruppe for ny informasjonsstruktur for systemet LivsIT medan Statskonsult fekk i oppdrag å leia den andre arbeidsgruppa som skulle sjå på ny teknisk arkitektur.

LivsIT er ein standard for offentleg informasjon på nett, samstundes som det er eit system for utveksling av offentleg informasjon basert på denne standarden. Arbeidsgruppa har levert eit forslag som skil seg frå det eksisterande LivsIT-systemet først og fremst ved at det blir eit klarare skilje mellom struktur og innhald.