Svein
Ølnes
tilsett
Stillingstittel:
Forskar / gruppeleiar IT
Akademisk tittel:
Cand.agric.
Telefon:
Tilsett:
1996

Svein har over 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt for Vestlandsforsking. Hovudområde for forskinga er IT-bruk i offentleg sektor, både for kommunar og statlege verksemder.

Mykje av forskinga innan e-forvaltning har dreia seg om kvalitet på digitale tenester og særleg spørsmål om kva digitale tenester eigentleg er.

I 2011 oppdaga han Bitcoin og blokk-kjedeteknologien og såg etter kvart eit stort potensial også for bruk i offentleg sektor. Samstundes er det mange uløyste problemstillingar knytte til teknologien, noko som passar bra for ein forskar. Interessa ligg i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi og samfunn, og Svein starta difor på eit masterstudium i digital valuta ved universitetet i Nicosia for å få meir innsikt i dette.

Publikasjonar:
Prosjekt: